278915_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
278915
Fleire medlemmar i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2016-11-25T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false
Statistikk over medlemmer i trus- og livssynsamfunn gjev berre informasjon om kor mange medlemmer eit samfunn mottek statstilskot for.

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire medlemmar i trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, hadde 622 000 medlemmer per 1. januar 2016. Dette utgjer 12 prosent av befolkninga.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar1
2016Endring i prosent
MedlemmerProsentdel2015 - 20162012 - 2016
1Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.
2Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2012.
3Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2010 og 2012.
I alt622 042100,011,321,8
Baha'i1 1490,21,35,6
Buddhisme18 8173,04,722,0
Hinduisme8 8821,48,656,1
Islam148 18923,85,132,0
Jødedom27700,13,1403,3
Kristendom349 08356,117,720,8
Sikhisme33 5450,63,4212,9
Livssyn89 75814,41,75,9
Andre trus- og livssynssamfunn1 8490,36,051,8

11,9 prosent var medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2016. Dette er ein auke frå 2015 då tilsvarande tal var på 10,8 prosent.

Flest medlemmer i kristne trussamfunn

Av alle trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest medlemmer: 349 000 personar. Desse utgjorde 56 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2016. Av dei kristne samfunn er det særleg Den romersk-katolske kyrkja i Noreg som har hatt ein auke. I tilhøve til 2015 er det 49 000 fleire medlemmar, ein auke på 51 prosent.

Islamske trussamfunn held fram å vekse

Islamske trussamfunn representerer den nest største religionen i Noreg, målt i talet på medlemmer. 23,8 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn. Dette utgjer 2,8 prosent av befolkninga. Per 1. januar 2016 var det 148 000 muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn i Noreg. Dette inneber ein auke på 7 200 medlemmar, eller 5,1 prosent, frå 2015.

Medlemstalet i nokre av dei andre religionane har halde seg på om lag same nivået gjennom fleire år: buddhisme utgjorde 3 prosent, medan livssynssamfunn og annan religion stod for høvesvis 14,4 og 2,6 prosent av medlemstala i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja.

Svak auke for humanetikarane

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 86 900 per 1. januar 2016. Det er ein auke på 1 200 medlemmer frå året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 2 800 medlemmer, som òg representerer ein svak auke i medlemsmassen. 

Geografisk skilnad

Talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja fordeler seg ulikt mellom fylka. Størst var Oslo der 22,3 prosent, eller 146 500 personer, av befolkninga var medlem i eit trus- eller livssynssamfunn. Lågast var Sogn- og Fjordane med under 1 prosent av befolkninga.

I Oslo var 9,1 prosent medlem i eit islamsk trussamfunn, 8,8 prosent medlem i eit kristent samfunn utanfor Den norske kyrkja og 2,8 prosent medlem i eit livssynssamfunn.

Mottakarar av statstilskotÅpne og lesLukk

Statistikken omfattar medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottar statstilskot det enkelte år. Det kan til dels gi store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje er med i statistikken det enkelte år. For 2010 var eit samfunn innan sihkisme ikkje representert i statistikken. For 2012 var det eit samfunn innan sikhisme og eit innan jødedom som ikkje var representert i statistikken. Det er og samfunn som aldri søkjer om tilskot.