Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Verdiskapinga har passert 100 milliardar
Bruttoproduktet, ofte omtala som verdiskapinga, i ideelle og frivillige organisasjonar er rekna til å vere 101 milliardar kroner i 2010. Dette tilsvarer om lag 20 000 kroner per innbyggjar. Frivillig (ulønna) arbeid utgjorde heile 60 prosent av verdiskapinga i sektoren i 2010. Bruttoproduktet rekna utan ulønna arbeid var det same året 42 milliardar, som er vel 1,2 milliardar kroner høgare enn året før.
Bruttoprodukt i ideell og frivillig sektor utgjorde 1,7 prosent av BNP, som er uendra frå 2009. Inkludert ulønna arbeid utgjorde sektoren i 2010 3,9 prosent av BNP, som er noko lågare enn i 2009, men høgare enn i åra 2006-2008. Grunnen til denne utviklinga er at BNP i 2009 fall som følgje av finanskrisa internasjonalt, noko som gjorde at det relative bidraget frå ideell og frivillig sektor dette året blei stort. I 2010 har det igjen skjedd ei normalisering av delane.
Stabile bidrag frå aktivitetane til verdiskapinga
Det var dei same aktivitetane som bidrog mest til verdiskapinga i 2010 som året før. Helse og sosiale tenester, samt utdanning og forsking, stod til saman for nesten 60 prosent av bruttoproduktet i sektoren. I tillegg bidrog kultur og fritid med nesten 15 prosent.
Når vi inkluderer verdien av det ulønna arbeidet, som er om lag 60 milliardar kroner, endrar biletet seg noko. Delen til dei nemnte ulike velferdsaktivitetane fell til vel 30 prosent. Kultur og fritid aukar derimot sin del til nesten 40 prosent, noko som ikkje er overraskande ettersom det er her vi finn det meste av den frivillige verksemda.
1,4 frivillige for kvar lønna person
Den frivillige (ulønna) innsatsen i Noreg i 2010 utgjorde til saman 115 000 årsverk, noko som tilsvarer 4,8 prosent av alle årsverka i Noreg. Denne delen har halde seg stabil dei siste åra.
Talet på frivillige overstig talet på lønna årsverk i sektoren. I 2010 stod det i gjennomsnitt vel 1,4 frivillige bak kvar lønna arbeidstakar. Flest frivillige per lønna arbeidstakarar finn vi innanfor kultur og fritid, miljøvern, lokalmiljø og bustad samt politiske organisasjonar. Relativt sett er det aktivitetane innanfor kultur og fritid som står for mesteparten, med nærare 60 prosent av dei frivillige årsverka. Av desse er det idretten som bidreg mest, som totalt sett utgjer om lag ein fjerdedel av all ulønna aktivitet i Noreg.
Motsett finn vi flest lønna per frivillig innanfor kategoriane utdanning og forsking, helse og sosiale tenester, interesseorganisasjonar og juridisk teneste, samt yrkes-, bransje-, og fagforeiningar.
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Ideelle og frivillige organisasjonar ekskludert ulønna arbeid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon (sum driftskostnader). Millionar kroner | 62 812 | 67 774 | 73 674 | 78 814 | 81 728 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt. Millionar kroner | 31 934 | 34 992 | 37 952 | 40 642 | 41 856 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsverk (lønnstakarar). Tal | 70 864 | 73 893 | 76 723 | 79 777 | 80 105 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt som del av BNP. Prosent | 1,5 | 1,5 | 1,5 | 1,7 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt som del av BNP Fastlands-Norge. Prosent | 2,0 | 2,0 | 2,0 | 2,2 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsverk (lønnstakarar) som del av årsverk i alt for Norge. Prosent | 3,3 | 3,3 | 3,3 | 3,5 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ideelle og frivillige organisasjonar inkludert ulønna arbeid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon (sum driftskostnadar) inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner | 112 744 | 120 147 | 128 875 | 135 947 | 141 307 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner | 81 866 | 87 365 | 93 153 | 97 775 | 101 435 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ulønna årsverk. Tal | 114 043 | 114 329 | 114 616 | 114 903 | 115 149 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna). Tal | 184 907 | 188 222 | 191 338 | 194 680 | 195 255 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP 1 . Prosent | 3,7 | 3,7 | 3,6 | 4,1 | 3,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP Fastlands-Norge 2 . Prosent | 5,0 | 4,8 | 4,9 | 5,1 | 5,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ulønna årsverk som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent | 5,1 | 4,9 | 4,7 | 4,8 | 4,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna) som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent | 8,3 | 8,0 | 7,9 | 8,1 | 8,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | BNP inkludert verdien av ulønna arbeid |
2 | BNP Fastlands-Norge inkludert verdien av ulønna arbeid |
3 | Årsverk i alt for Norge inkludert ulønna årsverk |
Tabeller:
Kontakt
-
Sindre Midttun
E-post: sindre.midttun@ssb.no
tlf.: 41 62 78 05
-
Nils Amdal
E-post: nils.amdal@ssb.no
tlf.: 91 14 91 46