426 kilo avfall per innbyggjar

Publisert:

Endret:

Den totale mengda avfall frå hushalda gjekk ned med 1 prosent frå 2016 til 2017 og ser ut til å ha stagnert på om lag 2,2 millionar tonn etter 2013. Kvar og ein av oss kastar òg mindre avfall enn tidlegare.

Vi kasta 426 kilo hushaldsavfall i 2017, mot 433 kilo året før. Statistikken over avfall frå hushalda viser at det er andre året på rad avfallsmengda går ned. Målt i prosent er nedgangen per person større enn nedgangen i totale mengder, noko som har samanheng med auken i folketalet.

Nådd nasjonalt mål

Medan veksten i avfallsmengda i hushalda har stoppa opp, har auken i konsumet halde fram. Veksten i avfallsmengda har stort sett lege på eit høgare nivå enn volumauken i konsumet, nokre år så mykje høgare som 20 prosent. Dei to størrelsane byrja å nærme seg kvarandre i 2013, og sidan har gapet vorte stadig mindre, til dei no er på same nivå. Såleis har vi nådd eit nasjonalt mål om at avfallsmengda skal vekse mindre enn forbruket.

Figur 1. Konsum og avfall. Hushald. Indeks 1996=1

Konsum i hushalda Hushaldsavfall
1996 1.00 1.00
1997 1.03 1.05
1998 1.06 1.14
1999 1.10 1.17
2000 1.15 1.21
2001 1.17 1.26
2002 1.21 1.35
2003 1.25 1.40
2004 1.32 1.46
2005 1.37 1.54
2006 1.44 1.62
2007 1.53 1.70
2008 1.55 1.74
2009 1.55 1.71
2010 1.61 1.75
2011 1.64 1.83
2012 1.69 1.82
2013 1.73 1.89
2014 1.76 1.89
2015 1.80 1.89
2016 1.82 1.88
2017 1.87 1.86

Svak auke i materialattvinningsgraden

Ei anna positiv utvikling er at noko meir avfall frå hushalda blei levert til materialattvinning i 2017, samanlikna med året før. Totalt 881 000 tonn1 avfall blei levert til attvinning. Dette utgjer 39 prosent av alt avfall, 1 prosentpoeng meir enn i 2016. Samanliknar vi derimot med åra 2007-2010, då materialattvinningsgraden låg på meir enn 42 prosent, har utviklinga vore negativ.

1 Levert materialattvinning inkluderer kompostering og biogass.

2 Rettet 5. juli 2018.

Figur 2. Handtering av hushaldsavfall¹ ²

Levert anna handtering Levert deponi Levert forbrenning Levert materialattvinning
2006 2.6 18.2 38.8 40.4
2007 1.2 18.7 37.4 42.7
2008 1.0 17.9 37.6 43.6
2009 1.3 14.3 41.5 43.0
2010 1.6 6.0 50.3 42.1
2011 2.0 2.3 55.8 39.9
2012 2.0 1.8 56.3 39.9
2013 1.3 2.1 57.4 39.2
2014 2.0 2.4 58.2 37.4
2015 1.4 3.0 57.8 37.9
2016 1.0 2.9 58.1 38.1
2017 0.9 3.1 56.9 39.1

I denne mengda levert til materialattvinning er òg avfallet som vert levert til kompostering og biogass, teke med. SSB har tal på mengda avfall kommunane leverer til materialattvinning, men ikkje tal på det som faktisk vert materialattvunne.

1 Tallet ble rettet 15. august 2018.

 

Kontakt