Rapporter 2020/03

Tilstand og utvikling

Jordbruk og miljø 2019

Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa.

Framstillinga er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.

Jordbruksareal og jordbruksbedrifter

Frå 1999 til 2018 er jordbruksarealet i drift redusert med 5 prosent til 9,86 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,06 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 32 prosent til 1,60 millionar dekar. Frå 1999 til 2018 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 44 prosent. Totalt var det 39 700 aktive jordbruksbedrifter i 2018.

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord

I 2018 blei det omdisponert 12 600 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 3 600 dekar dyrka jord og 9 000 dekar dyrkbar jord.

Økologisk jordbruk

Det godkjente økologiske jordbruksarealet i drift og karensarealet omfatta 463 800 dekar, eller 4,7 prosent, av jordbruksarealet i 2018. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var om lag 2 000 og utgjorde 5,1 prosent av alle jordbruksbedriftene.

Kulturlandskap

I 2018 budde 7 prosent av befolkninga på ein landbrukseigedom. Om lag 23 prosent av dei 144 900 landbrukseigedomane med bustadhus var utan fast busetjing. Det var 838 setrar i drift i 2018. Frå 2000 er talet på jordbruksbedrifter med seterdrift redusert med nær 60 prosent, og i 2018 var det 1 060 jordbruksbedrifter med seter eller med del i seter.

Gjødsel

Sum verdistoff i mineralgjødsel var i 2017/2018 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet. Omsetnaden av nitrogen i mineralgjødsel var på same nivå som på slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i mineralgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

Plantevern

Sett i høve til 2001, som var den fyste undersøkinga om bruk av plantevernmiddel på friland i jordbruket, var bruken av høvesvis ugrasmiddel, soppmiddel og skadedyrmiddel i 2017 om lag 26, 28 og 81 prosentpoeng lågare enn i 2001. Andre middel, som i hovudsak var vekstregulatorar, hadde nesten ei dobling, med ein auke på 96 prosentpoeng. Samla for alle middel låg bruken i 2017 om lag 19 prosentpoeng lågare enn i 2001. Sett i høve til undersøkinga i 2014, var den totale bruken om lag 22 prosentpoeng lågare i 2017.

Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav

EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Av dei klassifiserte vass-førekomstane i Noreg, er 76 prosent i god eller særs god tilstand, medan 24 prosent har moderat eller dårlegare tilstand.

Utslepp til luft frå jordbruket

I 2018 stod jordbruket for 74 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø 2019. Tilstand og utvikling

Ansvarlig

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget, Ole Rognstad og Berit Storbråten

Serie og -nummer

Rapporter 2020/03

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Landbruksdirektoratet

Emner

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-587-1059-9

ISBN (trykt)

978-82-587-1058-2

ISSN

0806-2056

Antall sider

193

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt