Økonomiske analyser, 5/2002
Kva ligg bak utviklinga i klimagassutsleppa på 1990-tallet?
Publisert:
Utsleppa av klimagassane CO2 , metan og lystgass auka med 15 prosent i løpet av 1990-åra, men utsleppsveksten var likevel langt lågare enn den økonomiske veksten. Grunnen til at klimautsleppa ikkje auka like raskt som bruttonasjonalproduktet er hovudsakeleg meir effektiv energiutnytting, auka bruk av energitypar som gjev mindre utslepp og tiltak retta mot prosessutslepp. Samanlikna med disse effektane finn vi at avgifta på CO2 som vart innført i 1991 berre har spela ei mindre rolle. Klimaavgifta er sett på som det viktigaste klimapolitiske verkemiddelet, og i 1999 var gjennomsnittsavgifta 165 kroner per tonn CO2 , noko som er svært høgt i internasjonal samanheng. Men i vårt overslag finn vi at avgifta reduserte CO2-utsleppa med berre 2 prosentpoeng. Avgifta varierer sterkt mellom sektorar, og på mange måtar er den høgast der den verkar minst og omvendt. Konkurranseutsette sektorar, der avgifta ville ha medført store omstillingar, har omfattande unntak, medan oljesektoren og transportsektoren som i liten grad let seg påverke har relativt høge satsar.
- Artikkelen er en del av serien
- Økonomiske analyser, 5/2002
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste