Jordbruk og miljø
Målretta innsats for miljøvennleg jordbruk
Publisert:
Det er få stader i verda der landskapet og naturtilhøva er så mangfaldige som i Noreg. Jordbrukslandskapet gjenspeglast i dette mangfaldet, og miljøutfordringane i dei ulike jordbrukslandskapa er like forskjellige. Dette tok myndigheitene for alvor konsekvensane av da dei i 2004/2005 innførte miljøprogram for ulike nivå i forvaltninga.
Rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2006 gir ei oppdatering av utviklinga for området jordbruk og miljø. I denne artikkelen vil vi trekke ut nokre bitar frå rapporten, og sjå nærmare på virkemidla og nokre av resultata frå miljøprogramma i landbruket. Miljøprogramma skal bidra til at tiltaka tilpasses utfordringane i dei ulike landskapstypane i landet. Ansvaret for økonomiske virkemiddel er frå 2005 overført frå sentralforvaltninga til kommunane og fylka. Samstundes er det gitt fridom til at virkemidla kan settes inn der ein med lokale auge ser at miljøutfordringane er størst.
Det overordna målet med miljøprogram for landbruket er å auke målrettinga av miljøarbeidet og synleggjere den samla miljøinnsatsen. Miljøprogramma er delt i fire nivå:
- Nasjonalt miljøprogram
- Regionale miljøprogram
- Kommunale miljøordninger
- Miljøplan på det enkelte gardsbruk
Dei overordna prioriteringane for landbrukets miljøpolitikk og virkemidla for miljøinnsatsen i jordbruket er nedfelt i nasjonalt miljøprogram. Eit viktig prinsipp som er lagt til grunn er todelinga av miljøutfordringane:
- Tiltak for å ivareta kulturlandskapet
- Tiltak for å redusere ureining
Hovudmåla i nasjonalt miljøprogram er å sikre mangfaldet i det norske jordbrukslandskapet, samt å sikre at eit utval av særprega landskapstypar, særleg verdifulle biotopar og kulturmiljø, blir ivaretatt og skjøtta. Nasjonal miljøprogram skal også medverke til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogeleg ureining og tap av næringsstoff, samt ivareta internasjonale plikter.
Virkemidla i nasjonalt miljøprogram er areal- og kulturlandskapstilskot til bøndene, miljøkrav knytt til produksjonstilskotet, tilskot til dyr på utmarksbeite, sentrale midlar til informasjons- og utviklingstiltak, samt tilskot knytt til økologisk landbruk.
Utbetalt tilskot gjennom nasjonalt miljøprogram. 2005. Mill. kr. |
Totalt utbetalt tilskot i 2005 | 3 426,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Areal- og kulturlandskapstilskot | 3 084,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilskot til dyr på utmarksbeite | 236,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale midler til informasjons- og utviklingstiltak | 5,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
økologisk landbruk | 100,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utbetalt tilskot knytt til økologisk landbruk var på vel 100 millionar kroner i 2005. Det økologisk drive jordbruksarealet aukar gradvis, og delen av det totale jordbruksarealet i drift nådde 4,2 prosent i 2005. I Soria Moria erklæringa har regjeringa som mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2015 skal vere økologisk. Økologisk produksjon av mjølk var 1,7 prosent av den totale mjølkeproduksjonen i 2005. For kjøt er det sau- og lammekjøt som har den største delen med 1,4 prosent. Ser ein bort frå produksjon av kumjølk, har det vore ein nedgang i dei økologiske produkta frå 2004 til 2005. Det er såleis ennå langt igjen for å nå regjeringas mål.
Regionale miljøprogram
Dei regionale miljøprograma blir utarbeidd av fylka gjennom ein open prosess der mellom anna kommunane, fylka og lokale næringsorganisasjonar deltek. Miljøutfordringane i kvart fylke skal beskrivast og innsatsområda prioriterast. Med grunnlag i desse prosessane skal fylkesmannen utforme mest mulig målretta økonomiske virkemiddel for å ivareta kulturlandskapet og for å redusere ureining frå jordbruket. Alle fylka lagde frå 2005 regionale miljøprogram som i størst mogleg grad var tilpassa dei regionale miljøutfordringane.
For 2005 omfattar regionale miljøprogram meir enn 150 ulike tilskotsordingar og om lag 220 deltiltak, med total ubetalt tilskot på 331,7 millionar kroner. Her er det alt frå tilskot retta mot stølsdrift, tilskot til endra jordarbeiding til tilskot for å skjøtte kystlynghei, for å nemne nokre av ordningane. I alt var det 29 932 søkjarar av ordninga, derav 883 beitelag. Hovudtyngda av søkjarane var ordinære jordbruksbedrifter, og 56 prosent av alle aktive jordbruksbedrifter søkte om tilskot frå regionale miljøprogram.
At det er store regionale forskjellar i miljøutfordringane viser seg tydelig i tildelinga av tilskot gjennom regionale miljøprogram. I kornområda på Austlandet og i Trøndelag går hovudparten av tilskota til tiltak for å redusere ureining. På Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg er det derimot tiltak for å ivareta kulturlandskapet som får hovudparten av tilskotsmidla. Totalt var det Oppland som utbetalte mest tilskot gjennom regionale miljøprogram med 46,2 millionar kroner. Minst blei utbetalt i Finnmark, der tilskota beløp seg til 1,5 millionar kroner. I den samanheng skal det nemnast at jordbruksareal i drift berre utgjer 0,2 prosent av landarealet i vårt nordlegaste fylke.
Kommunale miljøordningar
Miljøordningar innan kommunalforvaltninga omfattar Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK). Sakshandsaminga skal byggje på kommunale tiltaksstrategiar der det og er tatt omsyn til prioriteringane som ligg i regionale miljøprogram for fylket. Føremålet med SMIL er å ivareta natur- og kulturminneverdier i jordbrukets kulturlandskap, samt redusere ureining frå jordbruket, utover det som forventes gjennom vanleg gardsdrift. Det er ikkje berre jordbruksføretak som kan søkje om tilskot; personar eller organisasjonar utanom det aktive produksjonsjordbruket kan og søkje.
I sum for åra 2004 og 2005 hadde dei kommunale ordningane SMIL ei ramme på 225 millionar kroner, medan NMSK hadde ei ramme på 240 millionar kroner.
Eit av tiltaka ein kan søkje om tilskot til under SMIL er bygging av fangdammar og våtmarker, som er eit økologisk reinsetiltak for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff frå åkeren. Frå ordninga starta i 1994 til 2005 er det bygd 566 nye fangdammar/våtmarker. I 2005 blei det gitt tilskot på 5,7 millionar kroner for å byggje 67 nye fangdammar. Det er fylka Rogaland, Østfold og Akershus/Oslo som utmerkjar seg med flest nye fangdammar/våtmarker. Frå 1999 er 73 prosent av alle nye fangdammar/våtmarker bygd i desse fylka.
Miljøplanar på kvart gardsbruk
Grunnsteinen for miljøarbeidet i jordbruket er utvilsamt bonden sjølv. Sjølv om overordna miljøprogram og virkemiddel er aldri så tilstades, er det vala bonden tek og hans åtferd i den daglege drifta som til sjuande og sist er det avgjerande ledd i retning mot eit meir miljøvennleg jordbruk.
Miljøplan blei innført i 2003 som ein obligatorisk del for alle føretak som søkjer produksjonstilskot, men det finnes ingen statistikk over innhald og konkret oppfølging av desse planane. Mange tiltak kan gjennomførast utan store kostnader, medan andre kan gjennomførast med tilskot frå miljøprogram for jordbruket.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste