Rapporter 2007/46

Tiltak innanlands versus tiltak i andre land

Norsk klimapolitikk

Klimaproblemet er eit globalt problem; utsleppa frå kvart land påverkar klimaet i alle andre land. Løysingane krev derfor samarbeid og koordinering på tvers av land. Det knyter seg store utfordringar til å finne rettferdige løysingar på kven som skal bere byrdene (inntektsfordeling), og løysingar på kvar utsleppa skal kuttast for å størst muleg effekt ut av innsatsen (effektivitet).

Denne rapporten drøftar først ulike prinsipp for byrdefordelinga ved klimatiltak, og prinsippa for effektive tiltak. Det finst ingen generelt objektive og allment aksepterte definisjonar av rettferd, og ulike prinsipp er nytta i ulike studie og på ulike tema. Vi går gjennom ulike prinsipp frå litteraturen og diskuterer i kva grad disse overlappar kvarandre. Vi finn at sjølv om ein kan vere einige i fleire prinsipp kvar for seg, kan det vere vanskeleg å gjennomføre fleire samtidig.

Det finst ingen objektive svar på kva prinsipp ein skal nytte i forhandlingar om utsleppskutt, dette er moralske spørsmål som må avklarast politisk. Vi diskuterer vidare økonomiske prinsipp for kostnadseffektive klimatiltak. For at ein skal oppnå størst muleg klimaeffekt innanfor dei midla ein set av, må ein realisere dei billigaste tiltaka. Svært mange av dei billigaste tiltaka er å finne i utviklingsland. Vi diskuterer innvendingar mot tiltak i andre land versus tiltak heime, og sider ved å gje støtte til langsiktig teknologiutvikling framfor umiddelbare kutt i utsleppa.

Norge er eit svært rikt land. Aktiv miljøpolitikk og høg teknologisk standard gjer at potensiala for billige utsleppsreduksjonar innanfor landegrensene er forholdsvis begrensa. Våre utslepp er også i utgangspunktet så små – 1 promille av dei globale utsleppa – at uansett kor mykje vi reduserer disse utsleppa, vil det i praksis ikkje påverke den globale oppvarminga. Men vi er så rike – nesten 1 prosent av globalt BNP – at vi likevel kan gjere ein betydelig forskjell ved å bruke av inntektene på kostnadseffektive tiltak i andre land. Størst muleg kutt for gitte kroner tilseier altså store kutt ute og lite heime. Kor store beløp vi skal bruke er et politisk spørsmål, og i bunn og grunn ei avveging mot mindre privat og offentleg forbruk, eller lågare framtidige pensjonar.

Om publikasjonen

Tittel

Norsk klimapolitikk. Tiltak innanlands versus tiltak i andre land

Ansvarlig

Annegrete Bruvoll

Serie og -nummer

Rapporter 2007/46

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Forurensning og klima, Metoder og dokumentasjon

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7286-8

ISBN (trykt)

978-82-537-7285-1

ISSN

1892-7513

Antall sider

20

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt