Oppdaterte arealtal

Publisert:

Tal for grunnkrinsar, kommunar og fylke er oppdaterte og lagde ut i Statistikkbanken.

 

Figur 1

Figur 1. Endring i kommuner fra januar 2017

Vestfoldkommunane Andebu og størstedelen av Stokke er slått saman med Sandefjord. Ein liten del av Stokke er slått saman med Tønsberg. Dermed er det nye grunnkrinsar i Tønsberg kommune og endring av grunnkrinsnumra i nye 0710 Sandefjord kommune.

I tillegg er det gjort endring i grunnkrinsinndelinga i Oslo.

Det er gjort ein liten grensejustering mellom Ulvik og Granvin i Hordaland. Dette er ein jordskiftesak der kommunegrensa ble endra tidlegare, men som ikkje har kome med i dei nasjonale databasane før nå.

Oppdatering av kartdatabasen over land og vatn (kartverkets serie N50) gjer at det er skjedd nokre justeringar av tal for grunnkrinsar og kommunar. Hovudlandet er no berekna til 323 804 km2.

Slik finn ein grunnkrinsar i Statistikkbanken

Om ein ynskjer å få ut tal for den einskilde grunnkrinsen, eller alle grunnkrinsar i heile landet, må dette gjerast i fleire steg.

1. Vel den aktuelle tabellen

2. Gå til fana som heiter ”Vel via grupper”

3. Vel så ”region” i rullemeny, og vel ei gruppering i rullemenyen nedanfor.

4. Trykk så på knappen ”Vel som enkeltverdiar”. Du kan no gå attende til fanen ”Min tabell” og fortsetje på vanleg vis for å få ut tal.