Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Første arealtal for grunnkrinsar
For første gong blir areal av grunnkrinsar gjeve ut i tillegg til tal for kommunar. Statistikk for einingar fordelte på grunnkrinsar kan no òg bli gjeven som tal på geografisk konsentrasjon.
Arealtal vert no publiserte på eit meir detaljert nivå enn tidlegare. Areal er no òg utrekna for land og ferskvatn fordelt på grunnkrinsar. Grunnkrinsar er det lågaste geografiske nivået i statistikken.
Figuren nedanfor visar sum av land og ferskvatn i grunnkrinsar fordelt etter storleik. Dei minste einingane er lokaliserte der det bur flest folk.
Om grunnkrinsar
Landet er delt inn i om lag 14 000 grunnkrinsar som igjen er grupperte saman til om lag 1 550 delområde. Føremålet med å dele kommunen inn i grunnkrinsar er å lage små, stabile og geografiske einingar som kan gje eit fleksibelt grunnlag for arbeid med regionalstatistikk. Meininga med dette er å gje eit betre statistisk grunnlag for kommunal og regional analyse, forvalting og planlegging.
I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode, skal dei også vere samansette av eit geografisk samanhangande område. Eit anna hovedkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonstilhøve og bygningsmessig struktur.
Delområde er eit mellomnivå mellom kommune og grunnkrins. Ei slik delområdeinndeling er eigna for data som blir for detaljerte på grunnkrinsnivå, samstundes som ho er eigna til regionale oversiktsanalysar. Ved utarbeiding av delområde blei det lagt vekt på at området høyrde naturleg saman kommunikasjonsmessig, og helst burde området vere ei naturleg eining.
Om bruk av tala
Tal for og areal av grunnkrinsar er baserte på digitale administrative grensekart. Statens kartverk har analysert grensekart mot digitale kart for kystlinje og ferskvatn.
Tal for kommunar og fylker finst i Statistikkbanken. Når ein legg saman arealtal kan det vere avvik fordi det er nytta forenkla utrekning av areal for grunnkrinsar.
Sjå òg
Database for standard klassifikasjon:
http://www3.ssb.no/stabas/ClassificationFrames.asp?ID=1498751&Language=nn
Statens kartverk :
http://www.statkart.no
Tilleggsinformasjon
Statistikken er basert på Kartverkets serie N50 og S100 frå Norsk polarinstitutt. SSB har også en arealstatistikk som er basert på dei mest detaljerte karta i Norge og med fleire arealklasser: Arealstat.
Kontakt
-
Erik Engelien
E-post: erik.engelien@ssb.no
tlf.: 91 12 55 45
-
Jørn Kristian Undelstvedt
E-post: jorn.kristian.undelstvedt@ssb.no
tlf.: 94 50 68 64