Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nye arealtal for grunnkrinsar
Nye areal av grunnkrinsar er gjeve ut i tillegg til tal for kommunar. Statistikk for einingar fordelt på grunnkrinsar kan no og bli gjeve som tal på geografisk konsentrasjon.
Nye arealtal vert no publisert for land og ferskvatn fordelt på grunnkrinsar. Grunnkrinsar er det lågaste geografiske nivå i statistikken.
Endringar i arealtal for grunnkrinsar samanlikna med førre året skuldast hovudsakleg høgre detaljeringsgrad og dekning for ferskvatn i digitale kart.
Uendra kommunetal
Det er inga endringar i kommunetala. På grunn av ulike kalkuleringsmetodar og kjelder er det nokre mindre avvik mellom tal for grunnkrinsar og kommunar.
Minste grunnkrins er på om lag 200 kvadratmeter (i 1804 Bodø kommune), mens den største er på nærare 1 800 kvadratkilometer (i 2011 Guovdageaidnu Kautokeino). Dei fleste store grunnkrinsar finst i Finnmark. Færrest grunnkrinsar har 1151 Utsira, med ein grunnkrins, mens 0301 Oslo kommune har flest, med 558 grunnkrinsar.
Kartlegginga av Noreg starta i 1753. I 1885 blei første bind av serien “Folk og Land” gjeve ut med ein del arealtal, etter ordre frå Stortinget. I 1920 kom siste bind i serien ut. Arbeidet blei sagt å vere tids-øydande.
Om å få ut tal frå Statistikkbanken
Om ein ønskjer å få ut tal for den enkelte grunnkrins, eller alle grunnkrinsar i heile landet, må dette gjerast i fleire steg. Etter å ha valt den rette tabellen, går ein til fana som heiter ”Velg via grupper”, velg så ”region” i rullemenyen, og velg ei gruppering i rullemenyen nedanfor. Trykk så på knappen ”Velg som enkeltverdier”. Du kan no gå attende til fanen ”Min tabell” og fortsette på vanleg vis for å få ut tal.
Tal for folkemengde etter grunnkrins finst i Statistikkbanktabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkretser (G) (1999-2007)
Om grunnkrinsar
Landet er delt inn i om lag 14 000 grunnkrinsar som igjen er grupperte saman til om lag 1 550 delområde. Føremålet med å dele kommunen inn i grunnkrinsar er å lage små, stabile og geografiske einingar som kan gje eit fleksibelt grunnlag for arbeid med regionalstatistikk. Meininga med dette er å gje eit betre statistisk grunnlag for kommunal og regional analyse, forvalting og planlegging.
I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode, skal dei også vere samansett av eit geografisk samanhangande område. Eit anna hovedkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonstilhøve og bygningsmessig struktur.
Delområde er eit mellomnivå mellom kommune og grunnkrins. Ei slik delområdeinndeling er eigna for data som blir for detaljerte på grunnkrinsnivå, samstundes som ho er eigna til regionale oversiktsanalysar. Ved utarbeiding av delområde blei det lagt vekt på at området høyrde naturleg saman kommunikasjonsmessig, og helst burde området vere ei naturleg eining.
Om bruk av talaTal for og areal av grunnkrinsar er baserte på digitale administrative grensekart. Statens kartverk har analysert grensekart mot digitale kart for kystlinje og ferskvatn. Tal for kommunar og fylke finst i Statistikkbanken. Når ein legg saman arealtal kan det vere avvik fordi det er nytta forenkla utrekning av areal for grunnkrinsar.
Database for standard klassifikasjon:
http://www3.ssb.no/stabas/ClassificationFrames.asp?ID=1498751&Language=nn
|
Tilleggsinformasjon
Statistikken er basert på Kartverkets serie N50 og S100 frå Norsk polarinstitutt. SSB har også en arealstatistikk som er basert på dei mest detaljerte karta i Norge og med fleire arealklasser: Arealstat.
Kontakt
-
Erik Engelien
E-post: erik.engelien@ssb.no
tlf.: 91 12 55 45
-
Jørn Kristian Undelstvedt
E-post: jorn.kristian.undelstvedt@ssb.no
tlf.: 94 50 68 64