Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Få arealendringar i grunnkrinsane
Tal for areal av kommunar og grunnkrinsar fordelt etter land og ferskvatn er oppdaterte for 1. januar 2009. Det har vorte tolv nye grunnkrinsar i 1663 Malvik kommune. I tillegg har det vore arealendringar i nokre grunnkrinsar.
På grunn av ulike kalkuleringsmetodar og kjelder er det nokre mindre avvik mellom tal for grunnkrinsar og kommunar. Etter planen skal berekningane frå og med neste år baserast på same kjelde.
Om å få ut tal frå StatistikkbankenOm ein ynskjer å få ut tal for den enkelte grunnkrinsen, eller alle grunnkrinsar i heile landet, må dette gjerast i fleire steg. Etter å ha valt den rette tabellen: 1. Gå til fana som heiter ”Velg via grupper”. 2. Vel så ”region” i rullemeny, og vel ei gruppering i rullemenyen nedanfor. 3. Trykk så på knappen ”Velg som enkeltverdier”. Du kan no gå attende til fanen ”Min tabell” og fortsette på vanleg vis for å få ut tal. Tal for busette etter grunnkrins er i Statistikkbanken tabell: 04317: Befolkning, etter grunnkrets (G) (1999-2009) .
|
Tilleggsinformasjon
Statistikken er basert på Kartverkets serie N50 og S100 frå Norsk polarinstitutt. SSB har også en arealstatistikk som er basert på dei mest detaljerte karta i Norge og med fleire arealklasser: Arealstat.
Kontakt
-
Erik Engelien
E-post: erik.engelien@ssb.no
tlf.: 91 12 55 45
-
Jørn Kristian Undelstvedt
E-post: jorn.kristian.undelstvedt@ssb.no
tlf.: 94 50 68 64