10483_om_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/aar
10483_om
statistikk
2017-09-14T08:00:00.000Z
Natur og miljø
no
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2017

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Aktivitet i sentrumssoner
Emne: Natur og miljø

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

SSB sin sentrumsdefinisjon:

1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring.

2. Ein sentrumskjerne er eit område med minst 4 ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller kulturell verksemd, underhaldning eller annan tenesteyting vere representert. Avstanden mellom verksemdene skal ikkje vere meir enn 50 meter.

Det må vere minst 50 tilsette i sentrumssona.

Areal av sentra. Talet på sentra.

Tilknytt statistikk er talet på verksemder, busette og tilsette innan sentra.

Desse næringane er rekna å ha sentrumsfunksjonar (SN 2007):

F Bygge og anleggsvirksomhet

41.1 Utvikling av byggeprosjekter

G Varehandel

47.1 Butikkhandel med bredt vareutvalg

47.2 Butikkhandel med nærings- og nytelsesmidler i spesialforretninger

47.4 Butikkhandel med IKT-utstyr i spesialforretninger

47.5 Butikkhandel med andre husholdningsvarer i spesialforretninger

47.6 Butikkhandel med bøker, musikkartikler og andre fritidsartikler i spesialforretning

47.7 Annen butikk i spesialforretninger

47.8 Torghandel

H Transport og lagring

49.1 Passasjertransport med jernbane

49.3 Annen landtransport med passasjerer

52.212 Drift av parkeringsplasser og parkeringshus

52.214 Drift av taxisentraler og annen formidling av persontransport

52.219 Tjenester tilknyttet landtransport ellers

I Overnattings- og serveringsvirksomhet

55.1 Hotellvirksomhet

56 Serveringsvirksomhet

J Informasjon og kommunikasjon

58.1 Utgivelse av bøker, tidsskrifter og annen forlagsvirksomhet

58.2 Utgivelse av programvare

59.1 Virksomhet innen film, video og fjernsynsprogrammer

59.2 Produksjon og utgivelse av musikk- og lydopptak

62 Tjenester tilknyttet informasjonsteknologi

63 Informasjonstjenester

K Finansierings- og forsikringsvirksomhet

64 Finansieringsvirksomhet

65 Forsikringsvirksomhet og pensjonskasser, unntatt trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning

66 Tjenester tilknyttet finansierings- og forsikringsvirksomhet

L Omsetning og drift av fast eiendom

68 Omsetning og drift av fast eiendom

M Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting

69 Juridisk og regnskapsmessig tjenesteyting

70 Hovedkontortjenester, administrativ rådgiving

71 Arkitektvirksomhet og teknisk konsulentvirksomhet, og teknisk prøving og analyse

72 Forskning og utviklingsarbeid

73 Annonse- og reklamevirksomhet og markedsundersøkelser

74 Annen faglig, vitenskapelig og teknisk virksomhet

N Forretningsmessig tjenesteyting

77 Utleie- og leasingvirksomhet, unntatt

77.12 Utleie og leasing av lastebiler

            77.31 Utleie og leasing av landbruksmaskiner og utstyr

            77.32 Utleie og leasing av bygge- og anleggsmaskiner og utstyr

            77.34 Utleie og leasing av sjøtransportmateriell

            77.35 Utleie og leasing av lufttransportmateriell

78 Arbeidskrafttjenester

79 Reisebyrå og reisearrangørvirksomhet og tilknyttede tjenester

80 Vakttjeneste og etterforskning

81.1 Kombinerte tjenester tilknyttet eiendomsdrift

81.2 Rengjøringsvirksomhet

82 Annen forretningsmessig tjenesteyting

O Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning

84 Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning, unntatt

84.22 Forsvar

P Undervisning

85.609 Andre tjenester tilknyttet undervisning

Q Helse- og sosialtjenester

86.2 Lege- og tannlegetjenester

86.902 Fysioterapitjenester

86.904 Annen forebyggende helsetjeneste

86.909 Andre helsetjenester

88.999 Andre sosialtjenester uten botilbud

R Kulturell virksomhet, underholdning og fritidsaktiviteter

90.011 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen musikk

90.012 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen scenekunst

90.019 Utøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet ikke nevnt annet sted

90.020 Tjenester tilknyttet underholdningsvirksomhet

90.040 Drift av lokaler tilknyttet kunstnerisk virksomhet

91 Drift av biblioteker, arkiver, museer og annen kulturvirksomhet

93.210 Drift av fornøyelses- og temaparker

S Annen tjenesteyting

94 Aktiviteter i medlemsorganisasjoner

95.110 Reparasjon av datamaskiner og tilleggsutstyr

95.120 Reparasjon av kommunikasjonsutstyr

95.210 Reparasjon av elektronikk til husholdningsbruk

95.220 Reparasjon av husholdningsvarer og hageredskaper

95.230 Reparasjon av skotøy og lærvarer

95.250 Reparasjon av ur, gull- og sølvvarer

95.290 Reparasjon av andre husholdningsvarer og varer til personlig bruk

96.010 Vaskeri- og renserivirksomhet

96.020 Frisering og annen skjønnhetspleie

96.090 Personlig tjenesteyting ikke nevnt annet sted

 

Handels- og servicesoner er:

Områder med konsentrasjon av verksemder av eit utval næringsgrupper. Utvalet er sett ut frå transportgenererande eigenskapar ved næringsgruppene. Avgrensa etter same metode som sentrumssoner, men med andre næringsgrupper og med krav om 100 m mellom verksemdene. Ingen krav til diversitet av næringsgrupper, men krav om minst 3 verksemder og minst 50 tilsette.

Populasjonen av næringsgrupper er bestemt ut fra senternivåa «A» og «B» samt daglegvarehandel i Strømmen 2001 slik dette er justert og oppdatert til NACE 2007 av Asplan viak (2012). Følgende næringsgrupper er del av statistikken og grunnlaget for avgrensinga: 

G Varehandel, unntatt 46 og 47.9. Vidare er desse med: 55.3, 96, 55, 56, 49.32, 79, 64.1, 91, 85.1, 85.2, 85.43, 86, 87, 88, 93.1, 75, 84, 85.4, 85.5, 88.99, 64.2-66, 68, 69-74, 94-96 og 99. Sjå standard for næringsgruppering for  detaljar og omtale av dei einskilde gruppene.  

 

Strømme, Anne Kathrine 2001: Rett virksomhet på rett sted. 

Asplan Viak (2012): Kartlegging av dagens virksomheter i Buskerudbyen. 

Lukk dialog

Standard klassifikasjonar

Ingen

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylke, kommunar, tettstader og sentrum

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Ingen

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistikken er lagd med grunnlag i statistiske registre. Dei ferdig avgrensa sentrumssonene, og handels- og servicesonene, er lagra på windows server og lagt ut for nedlasting på www.ssb.no.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å fylgje endringar i utbreiing og arealbruk i sentra samt å kunne knytte dette til demografisk og økonomisk statistikk for sentra. Sentra er modellert med statistikk som føremål, og må ikkje verte forveksla med omgrepet sentrum i andre samanhengar. Bakgrunnen for arbeidet er i hovudsak "Rikspolitisk bestemmelse om midlertidig etableringsstopp for kjøpesentre utenfor sentrale deler av byer og tettsteder" som vart vedteken ved kongeleg resolusjon 8. januar 1999. "Kjøpesenterstoppen" førte med seg eit behov for ein operativ definisjon av sentrumsomgrepet for å sikre einsarta praktisering. Ein automatisk og registerbasert metode kan sikre styresmaktene eit standardisert samanlikningsgrunnlag, samstundes som regionale og lokale planstyresmakter får tilgang til eit statistisk analysegrunnlag.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er tilpassa informasjonsbehov i offentleg forvaltning og forsking.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

 

arealsentrum-2019-01-14-01-venn

 
 

Lovheimel

Bruker registeropplysningar Statistikklova §3.2

EØS-referanse

Ingen

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar alle sentra i Noreg etter Statistisk sentralbyrå sin definisjon slik dei blir avgrensa ut frå stadfesta verksemder. Alle sentra med minst 50 tilsette er med. Også alle handels- og servicesoner, slik dette er definert, er omfatta av statistikken.

I samband med statistikken lagast det også rutenettstatistikk for handels- og service. Kvart fjerde år lagast det også eit samansett rutenett («analyseruter») med busette, tilsette i handel og service samt avstandar til kollektivhaldeplassar og sentrumssoner.

Datakjelder og utval

Datakjeldene er GAB-registeret (Matrikkelen), Verksemd- og føretaksregisteret (VoF), Skattedirektoratets oppgaveregister og data over bygningar frå felles kartdatabase (FKB).

Det blir og brukt data frå arealbrukskartet som SSB sett saman.

Fullteljing

Datainnsamling, editering og beregninger

Registerbasert

Kontrollrutinar hos registereigarane. Kartverket og SSB.

Det blir gjort ei modellering av sentrumssoner ut fra plasseringa til verksemdene. Der tettleiken og diversiteten av verksemder med sentrumsfunksjon er stor nok jamfør definisjonen, blir det avgrensa ei sentrumssone. Detaljutforminga blir gjort ut frå arealbruk og bygninger: 

For å redusere omfanget av endringar i sentrumssoner frå år til år på grunn av at ein bygning eller eit lokale er ute av drift for en periode, så blir verksemder sett saman for dei siste 4 åra i sjølve avgrensinga (medan berre siste års register er grunnlag for opptelling av statistikken).

Vi identifiserer bygningar, verksemder og arealbruk med «sentrumsfunksjon». Verksemder og bygningar blir knytt til bygningsflater og bygningsflater med sentrumsfunksjon blir valt ut. Dette er dermed basert både på verksemdregisteret og bygningsregisteret (Matrikkelen).

Verksemder med sentrumsfunksjon knytes saman til samanhengande kjernar med krav til avstand og mangfald av verksemder jamfør definisjonen.

Sentrumskjernane blir deretter lagt saman med arealbrukskartet og dei bygningsflatene som er valt ut. Bygningar og tilhøyrande arealbruksområder som fell saman med sentrumskjernane med vidare.

Bygningar og tilhøyrande arealbruk knytes saman inntil 100 meter (bygningar 100 meter og arealbruk 25 meter). Sentrumssoner med minst 50 tilsette innen sentrumsnæringer blir identifisert. 

Delen av omsetnaden i hovudsentrum og tettstad blir rekna ut frå verksemdenes næring ved slutten av året. Omsetnaden er summert for heile året. Nace 47 med unntak av postordre-/internetthandel.

Handels- og sentrumssoner blir avgrensa på same vis berre at det er litt anna populasjon med verksemder (sjå "definisjoner") og avstanden mellom dei er opp til 100 m i standen for 50.

Bygningar og tilhøyrande arealbruk knytes saman inntil 100 meter (bygningar 100 meter og arealbruk 50 meter). Handels- og servicesoner med minst 50 tilsette innen sentrumsnæringer blir identifisert. 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal for omsetnad i hovudsentra og tettstad: Det er implementert rutinar for prikking ved for få verksemder i hovudsentrum eller tettstad i tråd med SSBs retningsliner.

Samanlikningar over tid og stad

Sentra vert automatisk avgrensa og det vert utført arealberekning frå og med 2000. I 2016 er deler av datagrunnlaget endra. Dette har bidratt til økt kvalitet, men også brudd i statistikkens tidsserie. Frå og med 2018 er handels- og servicesoner avgrensa.

Det er også eit brudd i statistikken over sentrumssoner og handels- og servicesoner frå og med 2019 av di det nyttast fleire årgangar (fire) med verksemder i grunnlaget for avgrensinga.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Feil i registreringar i register over verksemder og føretak og Matrikkelen.

Avgrensinga er gjort ut frå verksemder med sentrumsfunksjon. Ikkje alle verksemder er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Del av verksemdene som er stadfesta er gitt i vedleggstabell for kvart år (frå og med 2006). Frå og med 2010 er dette gitt i eigen tabell i Statistikkbanken.

Når det gjeld det såkalla «analyseruter» kan det vere feil og manglar ved informasjonen om frekvens og stadfesting av haldeplassar. Grunnlaget er handsama og prosessert av SSB, men henta frå Entur.

Revisjon

Ikkje relevant