10913_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10913
Avløp og renovasjon for 8,2 milliardar
statistikk
2004-04-30T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning6. termin 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Avløp og renovasjon for 8,2 milliardar

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på nesten 8,2 milliardar kroner i 2003. Dette er ein auke på vel 8 prosent samanlikna med 2002.

I 6. termin (november og desember) 2003 var omsetninga på om lag 1,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode året før.

Innafor oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde bedriftene ei omsetning på 720 millionar kroner i 2003, ein auke i omsetninga på 8 prosent samanlikna med 2002. I 6. termin var omsetninga 136 millionar kroner, ein auke på 18 prosent jamført med same periode føregåande år. Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 222 millionar kroner i 2003. Her var det ein nedgang på 3 prosent samanlikna med omsetninga i 2002. For 6. termin var det ei omsetning på 49 millionar kroner, ein nedgang på 18 prosent frå året før.

Bedrifter som driv med innsamling og handtering av anna avfall, stod for 88 prosent av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd i 2003. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på over 7,2 milliardar kroner i 2003. Dette tilsvarer ein auke på 9 prosent samanlikna med 2002. I 6. termin 2003 var omsetninga på 1,1 milliardar kroner. Dette er ein oppgang på 1 prosent jamført med same kvartal i 2002.

Tabeller: