10909_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10909
Avløp og renovasjon for 1,6 milliardar
statistikk
2004-09-09T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning2. termin 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Avløp og renovasjon for 1,6 milliardar

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på om lag 1,6 milliardar kronar i 2. termin - mars og april - 2004. Dette er ein auke på 13 prosent samanlikna med same termin året før.

Innanfor oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde bedriftene ei omsetning på 140 millionar kronar i 2. termin 2004, ein auke i omsetninga på 46 prosent samanlikna med same periode året før. Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemder, hadde ei omsetning på 42 millionar kronar i 2. termin 2004. Dette er ein auke på 11 prosent jamført med same termin i 2003.

Bedrifter som driv med innsamling og handtering av anna avfall stod for nesten 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd i 2. termin 2004. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på 1 407 millionar kronar. Dette tilsvarer ein auke på 11 prosent jamført med same termin i 2003.

Tala for 2003 og 1. termin 2004 har blitt endra sidan førre publisering da enkelte bedrifter har endra næringskode frå 90.010 til 90.020, grunna tilgang på ny informasjon om desse einingane. Dette påverkar ikkje tala for næring 90 totalt.

Tabeller: