10907_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10907
Auka omsetning for avløp og renovasjon
statistikk
2004-10-19T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning3. termin 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka omsetning for avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på over 1,4 milliardar kronar i 3. termin - mai og juni - 2004. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med same termin året før. Dei seks første månadene i 2004 var omsetninga på nesten 4,4 milliardar kronar, ein auke på 9 prosent jamført med dei første seks månadene i 2003.

Innanfor oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde bedriftene ei omsetning på 93 millionar kronar i 3. termin 2004, ein nedgang i omsetninga på 5 prosent samanlikna med same periode året før. Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 39 millionar kronar i 3. termin 2004. Dette er ein auke på 3 prosent jamført med same termin i 2003.

Bedrifter som driver med innsamling og handtering av anna avfall, sto for 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd i 3. termin 2004. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på 1 307 millionar kronar. Dette tilsvarer ein auke på 7 prosent jamført med same termin i 2003.

Tabeller: