10901_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10901
9,5 milliardar i avløp og renovasjon i 2004
statistikk
2005-04-29T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning6. termin 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

9,5 milliardar i avløp og renovasjon i 2004

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på om lag 9,5 milliardar kroner i 2004. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med året før.

I sjette termin - november og desember - 2004 var omsetninga på 1,65 milliardar kroner. Dette tilsvarar ein auke på 18 prosent jamført med same periode i 2003.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på om lag 700 millionar kroner i 2004, i november og desember 2004 var omsetninga på vel 140 millionar kroner. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 280 millionar kroner i 2004. I sjette termin var omsetninga på 76 millionar kroner.

I 2004 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på 8,5 milliardar kroner i 2004. I november og desember var omsetninga på over 1,4 milliardar kroner.

Tabeller: