10897_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10897
Framleis auke for avløp og renovasjon
statistikk
2005-09-05T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning2. termin 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke for avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på nesten 1,8 milliardar kroner i mars og april 2005. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode året før.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn, hadde ei omsetning på 155 millionar kroner i mars og april 2005. Dette representerar ein auke i omsetninga på 5 prosent. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 47 millionar kroner i same periode. Dette er ein nedgang på 2 prosent jamført med same periode året før.

I mars og april 2005 sto omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på nesten 1,6 milliardar kroner i andre termin 2005. Dette er ein auke i omsetninga på 6 prosent jamført med same periode i 2004.

Tabeller: