10895_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10895
Avløp og renovasjon i vekst
statistikk
2005-10-18T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning3. termin 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Avløp og renovasjon i vekst

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på fem milliardar kroner i første halvår i år. Dette er ein auke på 9 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004.

I mai og juni i år var det ei omsetning på 1,7 milliardar kroner innanfor avløps- og renovasjonsverksemd, ein auke på 11 prosent i høve til same periode i 2004.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ein auke i omsetninga første halvår på 10 prosent, medan omsetningsauken i mai og juni var på 15 prosent.

Innsamling og handtering av anna avfall hadde ein auke på 9 prosent første halvår 2005. Omsetningsauken var på 11 prosent i mai og juni i år.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ein oppgang i omsetninga på 1 prosent i første halvår, medan omsetninga gjekk opp 4 prosent i mai og juni 2005. Alle tala er samanlikna med tilsvarande periodar i 2004.

Tabeller: