10893_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10893
Moderat auke for avløp og renovasjon
statistikk
2005-12-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning4. termin 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Moderat auke for avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på over halvannan milliard kroner i juli og august 2005. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn, hadde ein nedgang i omsetninga i fjerde termin på 14 prosent samanlikna med fjerde termin i 2004. Omsetninga var på 120 millionar kroner.

Bedrifter som driv med innsamling og handtering av anna avfall, hadde ei omsetning på 1,4 milliardar kroner i juli og august 2005. Dette tilsvarer ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i 2004.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 36 millionar kroner i juli og august 2005. Omsetninga gjekk ned med 3 prosent jamført med same periode året før.

Tabeller: