10891_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10891
Avløp og renovasjon for 2,1 milliardar
statistikk
2006-02-15T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning5. termin 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Avløp og renovasjon for 2,1 milliardar

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på over 2,1 milliardar kroner i september og oktober 2005. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2004.

I femte termin 2005 sto omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsgruppa hadde ei omsetning på nesten 1,9 milliardar kroner i september og oktober 2005, ein auke på 11 prosent samanlikna med same periode i 2004.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn, hadde ei omsetning på 182 millionar kroner i september og oktober i fjor. Dette representerer ein auke i omsetninga på 10 prosent jamført med same periode i 2004.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd, hadde ei omsetning på 47 millionar kroner i femte termin 2005. Omsetninga gjekk opp med 24 prosent jamført med same periode året før.

Tabeller: