10889_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10889
Søpla verdt 700 millionar meir i fjor
statistikk
2006-04-26T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning6. termin 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Søpla verdt 700 millionar meir i fjor

Omsetninga innanfor innsamling og handtering av avfall hadde ei vekst på 688 millionar kroner eller 8 prosent i 2005. Den samla omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd passerte for første gong 10 milliardar kroner.

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd enda på 10,6 milliardar kroner i 2005, ein auke på 7 prosent samanlikna med året før. I 6. termin (november og desember) 2005 var omsetninga på om lag 1,8 milliardar kroner. Dette tilsvarar ein auke på 4 prosent jamført med same periode i 2004.

Omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall står for om lag 90 prosent av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei vekst i omsetninga på 688 millionar eller 8 prosent frå 2004 til 2005, og enda på 9,3 milliardar kroner. I november og desember 2005 var omsetninga på over 1,5 milliardar kroner, ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i 2004.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på 903 millionar kroner i 2005, ein auke på 4 prosent frå 2004. I november og desember 2005 var omsetninga 171 millionar kroner.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde i 2005 ei omsetning på 318 millionar kroner, ein nedgang på 1 prosent frå 2004. I 6. termin var omsetninga på 84 millionar kroner.

Tabeller: