10887_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10887
Meir ned i sluket
statistikk
2006-06-14T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning1. termin 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Meir ned i sluket

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på om lag 1,7 milliardar kroner i januar og februar 2006. Dette er ein auke på 9 prosent samanlikna med same periode året før.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ein auke i omsetninga i første termin på 3 prosent samanlikna med første termin i 2005. Omsetninga var på 117 millionar kroner.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 65 millionar kroner i første termin 2006. Omsetninga gjekk opp med 30 prosent jamført med same periode året før.

I januar og februar 2006 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag ni tidelar av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på om lag 1,5 milliardar kroner i første termin 2006. Dette er ein auke i omsetninga på 9 prosent jamført med same periode i 2005.

Tabeller: