10881_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10881
Framleis auke innanfor avløp og renovasjon
statistikk
2006-12-13T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning4. termin 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke innanfor avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 1,9 milliardar kroner i juli og august 2006. Dette er ein auke på 20 prosent samanlikna med same periode året før.

Avløps- og renovasjonsverksemd. Millionar kroner

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på 178 millionar kroner i juli og august 2006, noko som representerer ein vekst i omsetninga på 26 prosent. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd, hadde ei omsetning på 53 millionar kroner i same periode. Jamført med same periode året før var dette 56 prosent meir.

I juli og august 2006 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på nesten 1,7 milliardar kroner i fjerde termin 2006. Dette er ein auke i omsetninga på 18 prosent jamført med same periode i 2005.

Tabeller: