Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
12 prosent vekst for avløp og renovasjon
Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 2,1 milliardar kroner i juli og august 2007. Dette er ein vekst på 12 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2006.
Av totalomsetninga på 2,1 milliardar hadde innsamling og håndtering av anna avfall ei omsetning på 1,8 milliardar kroner, ein auke på 12 prosent samanlikna med same periode i 2006.
I 4. termin 2007 hadde bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn ei omsetning på 218 millionar kroner. Dette representerar ein vekst i omsetninga på 20 prosent jamført med same periode i 2006. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 48 millionar kroner i 4. termin 2007.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42