Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Omsetningsauke for avløp og renovasjon
Bedrifter som driv med avløps- og renovasjonsverksemd hadde ein omsetningsauke på 6 prosent i mars og april i år samanlikna med same perioden i fjor. Omsetninga innanfor oppsamling og behandling av avløpsvatn auka mest, med 14 prosent.
Omsetninga for bedrifter som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn var på 272 millionar kroner i mars og april i år.
I same perioden var det ei omsetning på 1 971 millionar kroner for bedriftene som driv med innsamling og handtering av anna avfall. Omsetningsauken var på 5 prosent i høve til same periode i 2007.
Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 59 millionar i andre termin 2008. Dette er ein auke på omsetninga på 7 prosent jamført med same perioden i fjor.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42