Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning (opphørt)
Emne: Natur og miljø
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for industri og FoU-statistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Bedrift
En bedrift er definert som en lokalt avgrenset funksjonell enhet hvor det hovedsakelig drives aktiviteter som faller innenfor en bestemt næringsgruppe.Kjennemerke omsetning: All omsetning og uttak av varer og tenester, innanfor og utanfor området til merverdiavgiftsloven. Finansielle inntekter, offentlege tilskott og meirverdiavgift er ikkje med.
-
Standard klassifikasjonar
-
Standard for næringsgruppering (SN 2007). Total terminomsetning i millionar kroner blir offentleggjorde på 4-sifra næringsnivå.
Administrative opplysingar
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt nivå.
-
Kor ofte og aktualitet
-
Tomånadleg (terminvis). Tala blir fyrst publiserte om lag 17 veker etter utløpet av statistikkperioden.
-
Internasjonal rapportering
-
Inga.
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Informasjon om populasjon blir lagra i programspråket SAS og langtidslagra som tekstfiler.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Statistikken skal kartleggje nivå og utvikling i omsetning innafor vatnforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Talserien startar i 2008.
-
Brukarar og bruksområde
-
Statistikken blir nytta av offentlege verksemder (departementa, Noregs Bank m.fl.) og finans- og analysemiljøa. Bransjeorganisasjonar er også aktive brukarar. I Statistisk sentralbyrå (SSB) blir statistikken nytta i nasjonalrekneskapen og anna forsking og analyseverksemd.
-
Likebehandling av brukere
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Statistikken blir utarbeidd samtidig som statistikk for andre meirverdiavgiftspliktige næringer. Han hentar fordelingsnøklar for omsetning i bedrifter innafor føretak frå årsfila i Verksemd- og føretaksregisteret. I tillegg nyttas sysselsetjingsdata frå Arbeidsgjevar-/arbeidstakarregisteret.
-
Lovheimel
-
Statistikklova §3-2.
-
EØS-referanse
-
Inga.
Produksjon
-
Omfang
-
Populasjonen består av einingar registrert i momsregisteret innanfor næringshovedområdet E vatnforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd (36, 37, 38 og 39) ifølgje SN 2007 (Standard for næringsgruppering). Einingar som stats- eller trygdeforvaltninga, fylkeskommunar eller kommunar eig er ikkje med i populasjonen. Sjå notatet Notater 2012/07. Observasjonseining er hovudsak identisk med momspliktig einingar, dvs. et føretak med momspliktig årsomsetting som overstiger 50 000 kr.
-
Datakjelder og utval
-
Skattedirektoratets oppgåveregister ("momsregistrert"). Totalteljing.
-
Datainnsamling, editering og beregninger
-
Statistikken er registerbasert. Dei avgiftspliktige sender omsetningsoppgåveskjema til dei respektive fylkesskattekontora, som overfører tal til Skattedirektoratet ein gong i veka. SSB får data frå Oppgåveregisteret i Skattedirektoratet to gonger for kvar termin. Fristen for innsending til Fylkesskattekontora er 1 månad og 10 dagar etter utløpet av terminen. Oversending til SSB skjer om lag tre veker seinare.
Enkeltopplysningar blir kontrollerte mot tidlegare innleverte oppgåver. Ved store avvik frå tidlegare terminar blir oppgåvegivaren kontakta. Registeropplysningar blir kontrollerte i Verksemd- og føretaksregisteret og Einskapsregisteret.
I den tomånadlig statistikken blir nivåtal berekna ved summering. Tala i momseininga blir fordelte på dei tilhørande aktive bedriftene i samsvar med omsetninga i den siste årsfil frå Verksemd- og føretaksregisteret eller i henhold til ansatte i Arbeidsgivar/arbeidstakarregisteret i tilfeller hvor tall i sistnemnte er mer oppdatert. Det foretas ingen sesongjustering.
-
Sesongjustering
-
Ikkje relevant.
-
Konfidensialitet
-
Dersom færre en tre einingar ligg til grunn for en celle i en tabell blir ikkje talla offentleggjort. Årsaka er fare for identifisering ved at talla kan føres tilbake til oppgavegjevar. Dette blir løyst ved å undertrykke disse talla i tabellen.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Talla går tilbake til 1. termin 2008 og det er blitt brukt same metode for hele perioden. Frå 2017, med den nye mva-meldinga, er også rutinane betra i produksjonen av statistikken og 2016-tala er oppdaterte.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Feilkjelder og uvisse
-
Målefeil (den avgiftspliktige gir feil opplysningar) og handsamingsfeil kan førekomme. Målefeil og handsamingsfeil er forsøkt unngått ved oppbygging av kontrollsystem. Ei anna mogleg kjelde for feil er at fordelinga av omsetning på bedrifter i fleirbedriftsføretaket byggjer på fordelingsnøklar som kan vere forelda.
Vi ringjer opp fylkesskattekontora ved fråfall av store føretak. Tal blir imputerte ved fyrste og andre gongs publisering. Ved tredje (og siste) gongs publisering behandlas fråfall av data som verdien null.
Det er ingen utvalsfeil i denne statistikken fordi han byggjer på fullteljing.
Føretak og bedrifter (avdelingar) kan være klassifisert med feil næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret.
-
Revisjon
-
Ikkje relevant.