Auke i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 533 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er nesten 18 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.

 

Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 420 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytarane utanom oljeskattane har betalt inn drygt 72 milliardar. Til saman har personlege og upersonlege skattytarar utanom oljeskattane auka innbetalingane sine med 20 milliardar. Nedgangen i oljeskattane trekkjer ned auken i samla innbetalingar.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - august akkumulert. Prosentvis endring

2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.5 2.9
Finnmark Finnmárku 4.5 3.1
Troms Romsa 5.3 8.1
Nordland 6.2 5.0
Nord-Trøndelag 3.2 4.0
Sør-Trøndelag 1.7 4.3
Møre og Romsdal 0.8 -0.8
Sogn og Fjordane 4.0 3.1
Hordaland 1.8 1.4
Rogaland -5.6 2.7
Vest-Agder -4.6 2.2
Aust-Agder 3.2 3.2
Telemark 5.8 1.8
Vestfold 1.6 4.2
Buskerud 2.4 2.9
Oppland 2.7 3.0
Hedmark 2.8 4.6
Oslo 16.0 1.1
Akershus 3.5 4.8
Østfold 2.8 6.2

Petroleumsskattane tek seg noko opp

Til no i år er det betalt til saman 40 milliardar kroner i petroleumsskatt. Dette svarar til ein nedgang på 6 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Mot slutten av 2016 utgjorde petroleumsskattane 5,4 prosent av samla innbetalingar, etter å ha falt kvart år sidan årsslutt 2012. Den gongen utgjorde petroleumsskattane nesten 27 prosent av samla skatteinnbetalingar. I august 2017 ligg denne delen på 7,4 prosent.

Figur 2. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar

Del
Des. 2008 31.7
Jun. 2009 25.6
Des. 2009 23.8
Jun. 2010 17.9
Des. 2010 22.1
Jun. 2011 21.4
Des. 2011 25.8
Jun. 2012 24.4
Des. 2012 26.9
Jun. 2013 25.1
Des. 2013 23.5
Jun. 2014 20.6
Des. 2014 20.3
Jun. 2015 15.8
Des. 2015 13
Jun. 2016 8.2
Des. 2016 5.4
Jun. 2017 6.1
Aug. 2017 7.4