Notater 2020/38
Oppslag til hjelp ved rapportering av filuttrekk for rekneskapen
Kyrkjeleg fellesråd – rapportering 2020
Notatet « Kyrkjeleg fellesråd-rapportering 2020» er meint å vere ei samling av informasjon til hjelp i filoppbygging og konvertering av fellesråda/sokneråda sine interne årsrekneskap til rekneskapsrapport tilpassa KOSTRA-kyrkje. Erfaringane tilseier at det er eit behov for eit oppslagsverk som kan brukast både til konverteringa av årsrekneskapen, men også for å syne kva filstruktur rekneskapsrapporten skal ha. Konvertering av årsrekneskapen til gyldige kodar, samt at fila har rett filstruktur er ein viktig føresetnad for å få rekneskapsrapporten godkjend i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Vi gjer merksam på at det ikkje lenger er mogleg å rapportere inn tal på skjema 31A og 31B, men at det no berre er mogleg å sende inn filuttrekk. Rettleiing for levering og oppbygging av filuttrekk finn ein i kapitla 2, 4.1 og 4.2.
Notatet gjev ein oversikt over dei funksjonane, artane og kapitla som er gyldige for rekneskapsåret 2020. Det er også presiseringar av kva kombinasjonar av kontoklasse, funksjon og art i drifts- og/eller investeringsrekneskapen som ikkje vert godkjend. Kapittel 3.1 "Kontrollar av rekneskapsrapporten" gjev ei detaljert oversikt over krava som blir stilt til rekneskapsrapporten i innrapporteringsportalen hos SSB. Dette er for å sikra god kvalitet på statistikken.
Notatet er og lagt ut på SSBs heimeside:
http://www.ssb.no/innrapportering/offentlig-sektor/kostra-kirke
Kontaktpersonar:
Corretta Arodi, tlf. 409 02 556, e-post; cos@ssb.no
Else Bredeli tlf. 409 02 653, e-post ehf@ssb.no.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Kyrkjeleg fellesråd – rapportering 2020. Oppslag til hjelp ved rapportering av filuttrekk for rekneskapen
- Ansvarlig
-
Corretta Aluoch Arodi
- Serie og -nummer
-
Notater 2020/38
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
KOSTRA
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-587-1209-8
- ISSN
-
2535-7271
- Antall sider
-
17
- Om Notater
-
I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste