403_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
403
Løn er største utgiftspost
statistikk
2000-02-02T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap1998

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Løn er største utgiftspost

Dei store utgiftspostane til kyrkjelege fellesråd for 1998 er løn og "andre driftsutgifter", det same som i rekneskapsåret 1997. Den største inntektsposten er "andre overføringar" som står for nærare tre firedelar av samla inntekter, medan sals- og leigeinntektene utgjer 5 prosent.

Driftsutgiftene er på 1 667 millionar kroner, medan driftsinntektene er på 1 707 millionar.

Lønsutgifter

Samla lønsutgifter er i overkant av ein milliard, og utgjer 60,4 prosent av driftsutgiftene. Det er ein auke på 2,5 prosent frå 1997. I Oslo bispedøme går nærare 70 prosent av driftsutgiftene til løn, ein auke på om lag 10 prosent frå 1997. Nidaros bispedøme har i prosent dei nest største lønsutgiftene sett i forhold til driftsutgiftene, men har likevel ein svak reduksjon frå 1997 med 0,6 prosent.

Tek ein omsyn til refusjonane frå trygdeforvaltninga, korrigerte lønsutgifter, vert samla lønsutgifter 967 millionar kroner for 1998. Refusjonane gjer at både Stavanger, Sør-Hålogaland og Nidaros bispedøme, i prosent har redusert lønsutgiftene sett i forhold til 1997. Når lønsutgiftene vert delte på talet innbyggjarar i bispedømet, er det Oslo, Borg og Nord-Hålogaland bispedøme som har dei lågaste lønsutgiftene per innbyggjar, medan Møre, Bjørgvin og Sør-Hålogaland bispedøme har dei høgaste.

Andre utgifter

Den andre store utgiftsposten er "andre driftsutgifter". Kort sagt inneheld desse postane utgifter som ikkje kan knytast opp til utstyr og vedlikehald, og som heller ikkje kan reknast som overføringsutgifter. Døme på dette kan vere diverse kontorutgifter, lys, oppvarming, leige av bygningar og rom, diverse godtgjersler, forbruksvarer og materiell. I 1998 vart det brukt 368 millionar på denne posten, ei auke på om lag 3 prosent ifrå 1997. For Oslo bispedøme utgjer "andre driftsutgifter" 16,5 prosent sett i høve til driftsutgiftene, medan Nord-Hålogaland bispedøme har den største prosentvise andelen med 27,7 prosent. Ser ein på driftsutgiftene fordelte på innbyggjarane, er det nok ein gong Oslo bispedøme som kjem lågast ut med 176 kroner per innbyggjar. Tilsvarande tal for Sør-Hålogaland, som kjem høgast ut, er 509 kroner per innbyggjar.

Balanse

Balansen syner at dei kyrkjelege fellesråda har ein forvaltningskapital på i overkant av 3,3 milliardar kroner. Omløpsmidlane summerer seg til 477 millionar kroner, av dette er vel 10 prosent kortsiktige fordringar. Dei resterande eigedelane er bundne opp i anleggsmiddel, som kan grupperast i langsiktige plasseringar (aksjar, delar og utlån) og varige driftsmiddel (maskiner, utstyr, bygningar, anlegg og eigedomar). Heile 99,8 prosent av anleggsmidla er varige driftsmiddel. Passiva syner ein samla gjeld på 310 millionar kroner, der litt over ein tredel er kortsiktig gjeld. Sett bort frå kapitalkontoen, ein motkonto til anleggsmiddel og langsiktig gjeld gjennom året, er hovudtyngda av fellesråda sin bokførde eigenkapital bunde opp i fond, med nærare 29 prosent.

Resultat

Kyrkjelege fellesråd hadde for rekneskapsåret 1998 eit positivt netto driftsresultat på 36 millionar kroner, noko som utgjer 2,1 prosent av totale driftsinntekter. Eit år tidlegare var netto driftsresultat på 72 millionar kroner. Eit reint netto driftsresultat kan dette likevel ikkje seiast å vere. Årsaka er at netto driftsresultat seier kor stor del av driftsutgiftene som kan nyttast til mellom anna investeringar.

Når det gjeld fellesråda, samlar Statistisk sentralbyrå berre inn tal på postnivå, dei er med andre ord ikkje delte inn i drifts- og kapitalrekneskap. Nokre av postane, spesielt gjeld dette postane 10-19, kan både vere driftspostar eller vere knytt til investeringar. Såleis kan det liggje utgifter til investeringar inne i det som no vert presentert som eit netto driftsresultat. Balansen for 1998 syner ein positiv arbeidskapital på 240 millionar kroner.

Tabeller: