399_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
399
Reduksjon i driftsresultatet
statistikk
2001-11-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i driftsresultatet

Kyrkjelege fellesråd fekk eit dårlegare resultat for rekneskapsåret 2000 sett i høve til 1999. Resultata var likevel betre enn for rekneskapsåret 1998.

I 2000 auka utgiftene meir enn inntektene. Rekneskapane til kyrkjelege fellesråd for 2000 syner at driftsutgiftene var på 1 909 millionar kroner, medan driftsinntektene var på 1 954 millionar kroner, ein auke på høvesvis 10 og 8 prosent frå 1999.

Løn og "andre driftsutgifter" er dei to største utgiftspostane til fellesråda. Både lønsutgiftene og "andre driftsutgifter" er størst per innbyggjar i Sør-Hålogaland bispedøme og minst i Oslo bispedøme. Den største inntektskjelda har vore overføringar frå fylkeskommune, kommune og andre.

Samla lønsutgifter for rekneskapsåret 2000 var i overkant av 1 milliard kroner. I høve til 1999 har lønsutgiftene auka med 94 millionar kroner, ein auke på 9 prosent. I forhold til dei totale driftsutgiftene vart det likevel ikkje nytta prosentvis meir på løn i 2000 enn i 1999. For 1999 utgjorde lønsutgiftene 60,9 prosent, mot 60,0 prosent i 2000. Tek ein omsyn til refusjonane frå trygdeforvaltninga utgjer samla lønsutgifter 1 094 millionar kroner.

Fellesråda hadde ein auke i investeringane på 45 millionar kroner frå 1999. Totalt har investeringane auka med 60 prosent sidan rekneskapsåret 1998.

For rekneskapsåret 1999 var det ein positiv differanse mellom nyskaffing og bruk av middel på 77 millionar kroner, ein auke på 60 prosent frå 1998. I 2000 var same differanse 72 millionar kroner, ein reduksjon på 6 prosent frå 1999-tala. Det var likevel 50 prosent betre enn for 1998.

Netto driftsresultat på 37 millionar

Netto driftsresultat er eit resultat som viser kor mykje av driftsinntektene som kan nyttast til investeringar og fondsavsetjingar.

Kyrkjelege fellesråd hadde for 2000 eit netto driftsresultat på 37 millionar kroner. Dette er ein reduksjon frå rekneskapsåret 1999 då same resultat synte eit positivt utfall på 65 millionar kroner. Det var likevel betre enn i 1998 då netto driftsresultat var 36 millionar kroner.

Endring i netto driftsresultat frå 1999 til 2000 kjem av ein sterkare auke i driftsutgiftene enn i driftsinntektene. Som nemnt innleiingsvis var auken i driftsutgifter på 10 prosent i høve til rekneskapen for 1998, medan driftsinntektene hadde ein auke på 8 prosent. Det er generell auke i artane på både inntekts- og utgiftssida.

Forvaltningskapitalen har auka

Balansen syner ein forvaltningskapital på 3,8 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 3 prosent frå 1999.

Anleggsmiddel er nær det same som i 1999. I hovudsak omfattar dette maskiner, utstyr og eigedomar. Sum gjeld auka med nærare 20 prosent. Av dette auka langsiktig gjeld med 9 prosent, eller 11 millionar kroner og kortsiktig gjeld auka med 62 millionar kroner, eller 24 prosent.

Bokført eigenkapital for 2000 var på 3,3 milliardar kroner, noko som tilsvarar ein svak auke på 2 prosent frå året før.

Arbeidskapitalen har også blitt betra. Medan den for 1999 var på 324 millionar kroner var den på 393 millionar for 2000. Dette er ein auke på 69 millionar kroner, noko som er ei endring frå 1999 på 21 prosent.

Endring i arbeidskapitalen er den faktoren som i størst grad påverkar likviditetsutviklinga.

Om talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2000 var det 14 fellesråd som ikkje har levert rekneskap og balanserekneskap.

Etter gravferdslova § 23 kan kommunane søkje departementet om å få overta drifta av kyrkjegardane. Per oktober 2000 er det fire kommunar som har søkt om dette. Rekneskapstala syner at det er 20 fellesråd som ikkje har levert tal på formål 3, Kyrkjegardar.

Netto driftsresultat omfattar berre beløp i driftsrekneskapen. Rekneskap frå kyrkjelege fellesråd blir berre samla inn på artsnivå, der artane 10-19 kan vere både drifts- og investeringsartar. Det kan såleis liggje beløp knytt til investering i det som no er presentert som eit netto driftsresultat.

Tabeller: