Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Negativt netto driftsresultat for kyrkjelege fellesråd
Kyrkjelege fellesråd fekk det svakaste netto driftsresultatet sidan første året fellesråda utarbeidde eigne rekneskapar i 1997.
I 2001 auka utgiftene meir enn inntektene for andre året på rad. Rekneskapane til kyrkjelege fellesråd for 2001 syner at driftsutgiftene var på 2 064 millionar kroner, medan driftsinntektene var på 2 067 millionar kroner, ein auke på høvesvis 8 og 6 prosent frå 2000.
Lønn er i 2001 den desidert største utgiftsposten til fellesråda. Samla lønnsutgifter var på over 1,2 milliardar kroner. I høve til 2000 har utgiftene til lønn auka med 98 millionar kroner, ein auke på nær 9 prosent. I høve til dei totale driftsutgiftene vart det likevel ikkje nytta prosentvis meir på lønn i 2001 enn dei føregåande åra. Lønnsutgiftene utgjorde 60,4 prosent av dei totale driftsutgiftene mot 60,0 prosent i 2000 og 60,9 prosent i 1999.
"Andre overføringar" som inneheld overføringar frå fylkeskommune, kommune og andre, står som den største inntektsposten til dei kyrkjelege fellesråda. For rekneskapsåret 2001 vart det overført 1 590 millionar kroner, ein auke på nær 6 prosent frå 2000.
Fellesråda hadde ein reduksjon i investeringane på 30 millionar kroner frå 2000, ein reduksjon på nær 17 prosent i høve til året før. Dette var likevel 11 prosent betre enn for 1999.
For rekneskapsåret 2000 var det ein positiv differanse mellom kjøp og bruk av middel på 72 millionar kroner, ein reduksjon på 6 prosent frå 1999. I 2001 var det ein negativ differanse på 8 millionar kroner.
Negativt netto driftsresultat på 6 millionar
Netto driftsresultat er ein storleik som viser kor mykje av driftsinntektene som kan nyttast til investeringar og fondsavsetningar.
Kyrkjelege fellesråd hadde for 2001 eit negativt netto driftsresultat på 6 millionar kroner. Dette er ein reduksjon frå rekneskapsåret 2000 då same resultat synte eit positivt utfall på 37 millionar kroner.
Endringane i netto driftsresultat frå 2000 til 2001 kjem av ein sterkare auke i driftsutgiftene enn driftsinntektene. Som nemnt innleiingsvis var auken i driftsutgiftene på 8 prosent i høve til rekneskapen for 2000, medan driftsinntektene hadde ein auke på 6 prosent.
Balansen
Balansen syner ein forvaltningskapital på 3,9 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 3 prosent frå 2000.
Anleggsmiddel auka med nærare 6 prosent frå 2000, eller 182 millionar kroner. I hovudsak omfattar dette maskinar, utstyr og eigedommar. Sum gjeld auka i overkant av 4 prosent. Av dette auka langsiktig gjeld med 24 prosent, eller 31 millionar kroner, medan kortsiktig gjeld vart redusert med 13 millionar kroner eller 4 prosent.
Bokført eigenkapital for 2000 var på 3,4 milliardar kroner, noko som tilsvarer ein auke på nær 3 prosent frå året før.
Arbeidskapitalen har vorte svekt. Medan han for 2000 var på 393 millionar kroner var han på 330 millionar kroner for 2001. Dette er ein reduksjon på 63 millionar kroner, noko som er ei endring frå 2000 på 16 prosent. Det er likevel betre enn for 1999.
Endring i arbeidskapitalen er den indikatoren som i størst grad påverkar likviditetsutviklinga.
Om talgrunnlaget
For rekneskapsåret 2001 var det 26 fellesråd som ikkje har levert resultatrekneskap medan 33 fellesråd ikkje har levert balanserekneskap. I 2000 var det 14 fellesråd som ikkje leverte resultatrekneskap eller balanserekneskap.
Etter gravferdslova § 23 kan kommunane søkje departementet om å få overta drifta av kyrkjegardane. Per oktober 2002 er det fire kommunar som har søkt om dette. Rekneskapstala syner at det er 19 fellesråd som ikkje har levert tal på formål 3, kyrkjegardar.
Netto driftsresultat omfattar berre beløp i driftsrekneskapen. Rekneskap frå kyrkjelege fellesråd blir berre samla inn på artsnivå, der artane 10-19 kan vere både drifts- og investeringsartar. Det kan såleis liggje beløp knytt til investeringar i det som no er presentert som netto driftsresultat.
Tabeller:
- Tabell 1 Rekneskap på postnivå for kyrkjelege fellesråd totalt. Millionar kroner
- Tabell 2 Lønn i prosent av driftsutgifter. 2001
- Tabell 3 Andre driftsutgifter i prosent av sum driftsutgifter. 2001
- Tabell 4 Utgifter fordelt per innbyggjar. 2001. Kroner
- Tabell 5 Balanse per 31.12.2001 totalt. Millionar kroner
Kontakt
-
Corretta Aluoch Arodi
E-post: cos@ssb.no
tlf.: 40 90 26 56
-
Anne Brit Thorud
E-post: anne.brit.thorud@ssb.no
tlf.: 40 90 26 59