393_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
393
Kyrkja sine inntekter auka meir enn utgiftene
statistikk
2004-12-03T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kyrkja sine inntekter auka meir enn utgiftene

Kyrkjelege fellesråd fekk betra resultatet for rekneskapsåret 2003 sett i høve til 2002. For andre år på rad auka inntektene meir enn utgiftene.

Driftsutgiftene til kyrkjelege fellesråd for rekneskapsåret 2003 var på 2 294 millionar kroner, medan driftsinntektene var på 2 357 millionar kroner, ein auke på høvesvis 5 og 7 prosent frå 2002.

Løn og "andre driftsutgifter" er dei to største utgiftspostane til fellesråda. Både lønsutgiftene og "andre driftsutgifter" er størst per innbyggjar i Sør-Hålogaland bispedøme og minst i Oslo bispedøme. Den største inntektskjelda har vore overføringar frå fylkeskommune, kommune og andre.

Fellesråda hadde ein reduksjon i investeringane på 79 millionar kroner frå 2002, ein reduksjon på nær 32 prosent i høve til året før. Dette var likevel 14 millionar meir enn for 2001.

For rekneskapsåret 2002 var det ein negativ differanse mellom nyskaffing og bruk av middel på 7 millionar kroner, ein reduksjon på 1 million frå 2001. I 2003 var det ein positiv differanse på 79 millionar, ein auke på 86 millionar. Det var likevel berre 7 millionar eller 10 prosent betre enn for 2000 der differansen mellom nyanskaffing og bruk av middel var på 72 millionar kroner.

Betra netto driftsresultat

Netto driftsresultat viser kor mykje av driftsinntektene som kan nyttast til investeringar og fondsavsetjingar.

Kyrkjelege fellesråd hadde for 2003 eit netto driftsresultat på 48 millionar kroner. Dette er ein auke frå rekneskapsåret 2002 då same resultat synte eit positivt utfall på 8 millionar kroner.

Endring i netto driftsresultat frå 2002 til 2003 kjem av ein sterkare auke i driftsinntektene enn i driftsutgiftene.

Balansen

Balansen syner ein forvaltningskapital på nær 4,5 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 5 prosent frå 2002.

Anleggsmiddel auka med nærare 4 prosent frå 2002, eller 140 millionar kroner. I hovudsak omfattar dette maskinar, utstyr og eigedomar. Sum gjeld auka med nærare 5 prosent. Av dette auka langsiktig gjeld med 16,8 prosent, eller 31 millionar kroner, medan kortsiktig gjeld er redusert med 6 millionar kroner, eller 1,7 prosent.

Bokført eigenkapital for 2003 var på over 3,9 milliardar kroner, noko som tilsvara ein auke på 5 prosent frå året før.

Arbeidskapitalen har også blitt betra. Medan den for 2002 var på 323 millionar kroner, var den på 398 millionar for 2003. Dette er ein auke på 75 millionar kroner, noko som er ei endring frå 2002 på 23 prosent.

Endring i arbeidskapitalen er den faktoren som i størst grad påverkar likviditetsutviklinga.

Om talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2003 var det 46 fellesråd som ikkje har levert rekneskap, og 49 fellesråd som ikkje har levert balanserekneskap. Tala er korrigerte for manglande rekneskap.

Etter gravferdslova § 23 kan kommunar søkje departementet om å få overta drifta av kyrkjegardane. Per oktober 2002 er det fire kommunar som har søkt om dette. Rekneskapstal syner at det er seks fellesråd som ikkje har levert tal på formål 3, Kyrkjegardar.

Netto driftsresultat omfattar berre beløp i driftsrekneskapen. Rekneskap frå kyrkjelege fellesråd blir berre samla inn på artsnivå, der artane 10-19 kan vere både drifts- og investeringsartar. Det kan såleis liggje beløp knytt til investering i det som no er presentert som eit netto driftsresultat.

Tabeller: