389_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
389
Godt økonomisk år for kyrkjelege fellesråd
statistikk
2006-09-12T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Godt økonomisk år for kyrkjelege fellesråd

Dei kyrkjelege fellesråda held fram med positive økonomiske resultat. Driftsinntektene auka med 4,7 prosent i 2005 i høve til året før, medan auken i driftsutgiftene var 3,9 prosent. Brutto driftsresultat vart 126 millionar kroner, eller 4,8 prosent av driftsinntektene, opp frå 4,1 prosent i 2004.

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 117 millionar kroner til 2 608 millionar kroner frå 2004 til 2005. Tilskot frå eigen kommune utgjer 65 prosent av inntektsgrunnlaget, medan inntekter frå brukarbetaling var 6,8 prosent i 2005. Samansetjinga av driftsinntektene er ikkje vesentleg endra frå 2004.

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Løyvingsrekneskap

Auken i driftsutgiftene var 94 millionar kroner og steig til 2 482 millionar kroner i 2005. Lønsutgiftene er den viktigaste utgiftsposten og tilsvara 62 prosent av driftsutgiftene i 2005. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjer til saman nær 90 prosent av driftsbudsjettet.

Netto finansutgifter auka med 6 millionar kroner frå 2004 til 2005, av dette utgjorde auken i avdrag på lån 5 millionar kroner.

Netto driftsresultat vart styrkja med 17 millionar kroner frå 2004 til 2005 til i alt 111 millionar kroner, eller 4,2 prosent av driftsinntektene.

Avskrivingane for dei kyrkjelege fellesråda har ikkje nokon resultateffekt, men utgjorde i 2005 93 millionar kroner. Dette er ei auke frå 2004 på 11 millionar kroner.

Kyrkjelege fellesråd inntekter og utgifter per innbyggjar

Investeringar, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Målt per innbyggjar var gjennomsnittleg driftsinntekt i 2005 på 564 kroner, medan driftsutgift per innbyggjar var 537 kroner. Tala for 2004 var høvesvis 544 kroner og 522 kroner.

41 prosent av driftsutgiftene vart nytta til drift av kyrkjer, noko mindre enn i 2004. Utgiftene til drift av gravstader er den same som tidlegare år på 18 prosent, medan administrasjon utgjer 29 prosent. Dei resterande 12 prosenta vert nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Mindre til investeringar

Investeringane i bygg og anlegg for 2005 utgjer 335 millionar kroner, 39 millionar mindre enn i 2004. 264 millionar kroner av dette er finansiert med motteke tilskott, gåver og overføringar til finansiering ved eigne middel over drift, eller ved bruk av avsetningar. Nye låneopptak utgjer 71 millionar kroner.

58 prosent av investeringane er nytta til kyrkjer, medan 33 prosent er investert i gravstader.

Kyrkjelege fellesutgifter per innbyggjar, etter bispedømme

Større kapital

De kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på 5 128 millionar kroner i 2005. Dette er ein auke på 271 millionar kroner i høve til 2004. Auken i omløpsmiddel er på 141 millionar kroner er større enn auken i anleggsmiddel.

Ein stor del av investeringane er finansierte med eigne middel og tidlegare avsetningar, slik at auken i langsiktig gjeld er 30 millionar kroner.

Arbeidskapitalen er betra med 109 millionar kroner frå 2004 til 2005 og er no 545 millionar kroner.

For rekneskapsåret 2005 er det 41 fellesråd som ikkje har levert fullstendig rekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Det er med verknad frå 2004 gitt nye/endra rekneskapsforskrifter for dei kyrkjelege fellesråda. Nye artar gjer det vanskeleg å sjå tala for 2004 og 2005 i tidsserie med tidlegare publiseringar.

Tabeller: