387_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
387
Framleis god økonomi for kyrkjelege fellesråd
statistikk
2007-07-11T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis god økonomi for kyrkjelege fellesråd

Dei kyrkjelege fellesråda hadde positive økonomiske resultat også for 2006. Driftsinntektene auka med 4,4 prosent frå 2005, medan veksten i driftsutgiftene var 7,2 prosent. Brutto driftsresultat var 63 millionar kroner, eller 2,3 prosent av driftsinntektene, ned frå 4,8 prosent i 2005.

Driftsrekneskap. 2003-2006. Millionar kroner

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. Prosent

Driftsinntektene auka med 116 millionar kroner til 2 724 millionar kroner frå 2005 til 2006. Tilskot frå eigen kommune utgjorde 65 prosent av inntektsgrunnlaget, medan inntekter av brukarbetaling var 7 prosent. Samansetjinga av driftsinntektene vart ikkje vesentleg endra frå 2005.

Auken i driftsutgiftene var 179 millionar kroner og steig i 2006 til 2 661 millionar kroner. Lønsutgiftene var den viktigaste utgiftsposten og stod for 62 prosent av driftsutgiftene i 2006. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjorde til saman 88 prosent av driftsbudsjettet.

Investeringar, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2003-2006

Eit svekt netto driftsresultat

Netto driftsresultat vart svekt med 58 millionar kroner frå 2005 til 2006, til i alt 53 millionar kroner, eller 1,9 prosent av driftsinntektene. Netto finansutgifter gjekk ned med 5 millionar kroner frå 2005 til 2006, i hovudsak på grunn av auken i netto renteinntekter på 12 millionar kroner frå 2005.

Avskrivingane for dei kyrkjelege fellesråda hadde ikkje nokon resultateffekt, men utgjorde i 2006 104 millionar kroner. Dette var ein auke frå 2005 på 11 millionar kroner.

Akkurat som i 2005 vart 41 prosent av driftsutgiftene nytta til drift av kyrkjer. Drift av gravstader stod for 17 prosent, medan administrasjon utgjorde 29 prosent og dei resterande 13 prosent vart nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Meir pengar til investeringar

Investeringane i bygg og anlegg for 2006 utgjorde 380 millionar kroner, som var 45 millionar høgare enn i 2005. 336 millionar kroner var finansiert ved mottekne tilskott, gåver og overføringar til finansiering ved eigne midlar over drift eller ved bruk av avsetningar. Nye låneopptak utgjer 44 millionar kroner.

61 prosent av investeringane var nytta til kyrkjer, medan 30 prosent vart investert i gravstader.

Kyrkjelege fellesråd. Inntekter og utgifter per innbyggjar. 2002-2006. Kroner

Kyrkjelege fellesutgifter per innbyggjar, etter bispedømme. 2004-2006. Kroner

Forvalta ein lågare kapital

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på 5 073 millionar kroner i 2006. Det var noko lågare enn året før, på grunn av nedgang i rekneskapsførde anleggsmidlar. Auken i omløpsmidlar var på 127 millionar kroner.

Ein stor del av investeringane var finansiert med eigne midlar og tidlegare avsetningar, slik at netto auke i langsiktig gjeld vart 29 millionar kroner.

Arbeidskapitalen vart betra med 92 millionar kroner frå 2005 til 2006 og var 637 millionar kroner.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2006 var det 37 fellesråd som ikkje leverte fullstendig rekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Det er med verknad frå 2004 gitt nye/endra rekneskapsforskrifter for dei kyrkjelege fellesråda. Nye artar gjer det vanskeleg å sjå tala for 2004 og 2005 i tidsserie med tidlegare publiseringar.

Tabeller: