Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Stabil oppslutning om u-hjelp
88 prosent av befolkninga er for at Noreg skal gi hjelp til utviklingslanda. Det er like mange som i 1999. To av tre meiner at Noreg har råd til å gi u-hjelp, og 15 prosent meiner u-hjelpa burde aukast.
Ein av fire meiner beløpet som går til utviklingshjelp bør vere mindre, medan 4 prosent meiner beløpet burde vore sløyfa heilt. I aldersgruppa 16-24 år er 22 prosent positive til å auke beløpet, samanlikna med berre 8 prosent i aldersgruppa 67-79 år.
Om lag to av tre meiner at Noreg har råd til å gi u-hjelp. Dei som meiner pengane heller burde brukast i Noreg, finn vi først og fremst i aldersgruppa 67-79 år og i Hedmark, Oppland og Nord-Noreg.
Det er 19 prosent som meiner at Noregs bidrag til naudhjelp bør aukast, medan 6 prosent meiner det bør reduserast. Den langsiktige bistanden meiner 17 prosent bør aukast, medan 11 prosent vil redusere den. Det er også her den yngste aldersgruppa som er mest positiv, og den eldste mest negativ. Dette er eit tema som om lag ein fjerdedel ikkje har gjort seg opp noka meining om.
Resultata er henta frå Statistisk sentralbyrå si omnibusundersøking i november og desember 2001.
Datainnsamlinga vart gjennomført i november og desember 2001, som ein del av Statistisk sentralbyrå si omnibusundersøking for 4. kvartal. 1 274 personar i alderen 16-79 år er intervjua.
Les meir om resultata i rapporten (17.09.02).
Tabeller:
- Tabell 1 Haldningar til norsk utviklingshjelp, etter kjønn, alder og landsdel. Prosent
- Tabell 2 Meining om storleiken på u-hjelpa, etter kjønn, alder og landsdel. Prosent
- Tabell 3 Om Noreg har råd til å gi u-hjelp, etter kjønn, alder og landsdel. Prosent
- Tabell 4 Syn på Noregs bidrag til naudhjelp og langsiktig bistand, etter kjønn, alder og landsdel. Prosent
Kontakt
-
Bengt Oscar Lagerstrøm
E-post: bengt.oscar.lagerstrom@ssb.no
tlf.: 92 26 67 81
-
Lise Snellingen Bye
E-post: lise.snellingen.bye@ssb.no
tlf.: 40 90 23 01