11971_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11971
Høge materialkostnader for elektrikararbeid
statistikk
1999-08-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjuli 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge materialkostnader for elektrikararbeid

Frå juni til juli i år steig dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid med 0,6 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Auken skuldast hovudsakleg miljøavgifta på 1 prosent på kablar, leidningar med meir som vart innført frå 1. juli i år.

Dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid gjekk opp med 0,3 prosent frå juni til juli i år. I dette tidsrommet var det ingen endringar i dei totale byggje- og materialkostnadene.

Frå juli 1998 til juli i år auka dei totale byggjekostnadene med 2,4 prosent for bustadblokker, 2,2 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for einebustader.

Elektrikararbeid er den delindeksen som har stige mest det siste året. I perioden juli 1998 til juli i år steig dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 6,9 prosent for bustadblokker og 6,6 prosent for einebustader og rekkjehus. Auken i dei totale materialkostnadene var noko mindre, med 5,3 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 1978=100
  Juli 1999 Endring i prosent
  Juni 1999-juli 1999 Juli 1998-juli 1999
Byggjekostnader, totalt 266,6 0,0 2,2
       
Materialkostnader, totalt 275,2 0,0 1,9
       
Einebustader av tre      
  Totalt 264,1 0,0 2,1
  Materialar 271,1 0,0 1,7
       
Rekkjehus av tre      
  Totalt 270,6 0,0 2,2
  Materialar 281,1 0,0 1,9
       
Bustadblokker      
  Totalt 271,2 0,0 2,4
  Materialar 284,4 0,1 2,2
Frigitt 9. august 1999 (C) Statistisk sentralbyrå