Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i byggjekostnadene
Frå juli til august i år steig dei totale byggje- og materialkostnadene med 0,1 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
I perioden august 1998 til august i år steig dei totale byggjekostnadene med 2,4 prosent for bustadblokker, 2,2 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for einebustader. Auken i dei totale materialkostnadene var noko mindre, med 2,2 prosent for bustadblokker, 1,9 prosent for rekkjehus og 1,7 prosent for einebustader.
Den delindeksen som har auka mest den siste månaden, er delindeksen for elektrikararbeid. Frå juli til august i år steig dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid med 0,6 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid steig med 0,3 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
Det er òg delindeksen for elektrikararbeid som har stige mest det siste året. I tidsrommet august 1998 til august i år auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 7,1 prosent for bustadblokker, 6,9 prosent for einebustader og 6,8 prosent for rekkjehus. Dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid steig med 5,7 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
August 1999 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 1999-august 1999 | August 1998-august 1999 | ||||||||||||||||||||||||||||
Byggjekostnader, totalt | 266,8 | 0,1 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialkostnader, totalt | 275,5 | 0,1 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 264,3 | 0,1 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 271,4 | 0,1 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 431,0 | 0,3 | 6,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 520,5 | 0,6 | 5,7 | ||||||||||||||||||||||||||
Rekkjehus av tre | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 270,8 | 0,1 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 281,5 | 0,1 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 432,7 | 0,3 | 6,8 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 520,5 | 0,6 | 5,7 | ||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokk | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 271,4 | 0,1 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 284,7 | 0,1 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | 425,6 | 0,3 | 7,1 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 520,5 | 0,6 | 5,7 | ||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12