Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten auke i materialkostnadene
Frå august til september i år steig materialkostnadene for bustadblokker med 0,1 prosent. Auken frå september i fjor til september i år er på 2,0 prosent. For einebustader og rekkjehus gjekk indeksen opp med respektive 0,3 og 0,1 prosent.
Materialkostnadene knytte til røyrleggjararbeid endra seg ikkje frå august til september i år. Derimot steig delindeksen for røyrleggjararbeid i alt med 0,4 prosent i same periode. Årsaka er at endringar i løn for røyrleggjarar frå 1. til 2. kvartal i år er lagde inn i byggjekostnadsindeksen for september.
For bustadblokker er det delindeks for maling, tapetsering og legging av golvbelegg som har stige mest siste månad, med 1,0 prosent. Materialkostnadene for denne delindeksen steig med 0,3 prosent i same periode. Frå september i fjor til september i år er det for bustadblokker delindeks for elektrikararbeid som har auka mest, med 7,2 prosent.
Den totale byggjekostnadsindeksen har ein auke på 0,5 prosent frå august til september i år, og ein auke på 2,6 prosent frå september i fjor. Materialkostnadene steig med 1,9 prosent i same periode.
September 1999 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 1999-
september 1999 |
September 1998-
september 1999 |
||||||||||||||||||||||||||||
Byggjekostnader, totalt | 268,2 | 0,5 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialkostnader, totalt | 276,0 | 0,2 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 265,8 | 0,6 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 272,1 | 0,3 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 431,8 | 0,2 | 7,0 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 522,0 | 0,3 | 5,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Rekkjehus av tre | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 272,2 | 0,5 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 281,8 | 0,1 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 433,4 | 0,2 | 7,0 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 522,0 | 0,3 | 5,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 272,8 | 0,5 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 285,0 | 0,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||
Elektrikararbeid | |||||||||||||||||||||||||||||
Total | 426,2 | 0,2 | 7,2 | ||||||||||||||||||||||||||
Materialer | 522,0 | 0,3 | 5,9 | ||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12