Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppussing blir dyrare
Materialkostnadene for måling, tapetsering og legging av golvbelegg steig med om lag 1,5 prosent frå september til oktober, etter å ha vore stabil i lang tid. Dei totale byggjekostnadene gjekk opp med 1,7 prosent frå oktober i fjor til oktober i år.
Endringa er låg for dei fleste delindeksane frå september til oktober i år. Samanlikna med oktober i fjor gjekk delindeksane opp med mellom 1 og 2 prosent. Unnataket er byggjekostnadene for røyrleggjar- og elektrikararbeid, som dei siste tolv månadene auka med respektive 3,3 og 5,2 prosent.
Det er liten skilnad mellom indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Materialkostnadene har stige med om lag 2 prosent dei siste 12 månadene.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 1978=100 |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober 1999 |
September 1999-
oktober 1999 |
Oktober 1998-
oktober 1999 |
|||||||||||||||||
Byggjekostnader, totalt | 268,6 | 0,1 | 1,7 | ||||||||||||||||
Materialkostnader, totalt | 276,6 | 0,2 | 1,8 | ||||||||||||||||
Einebustader av tre | |||||||||||||||||||
Total | 266,2 | 0,1 | 1,7 | ||||||||||||||||
Materialer | 272,6 | 0,2 | 1,8 | ||||||||||||||||
Målararbeid | |||||||||||||||||||
Total | 247,2 | 0,7 | 1,4 | ||||||||||||||||
Materialer | 244,3 | 1,3 | 1,9 | ||||||||||||||||
Rekkjehus av tre | |||||||||||||||||||
Total | 272,6 | 0,2 | 1,7 | ||||||||||||||||
Materialer | 282,6 | 0,3 | 1,9 | ||||||||||||||||
Målararbeid | |||||||||||||||||||
Total | 259,8 | 0,7 | 1,5 | ||||||||||||||||
Materialer | 267,3 | 1,7 | 2,4 | ||||||||||||||||
Bustadblokker | |||||||||||||||||||
Total | 273,1 | 0,1 | 1,7 | ||||||||||||||||
Materialer | 285,6 | 0,2 | 2,0 | ||||||||||||||||
Målararbeid | |||||||||||||||||||
Total | 257,5 | 0,6 | 1,4 | ||||||||||||||||
Materialer | 263,1 | 1,6 | 2,2 | ||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12