11963_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11963
Dyrare elektrikararbeid
statistikk
1999-12-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Dyrare elektrikararbeid

Delindeks for elektrikararbeid stig mest. Frå oktober til november i år er auka i underkant av 1 prosent. Dei siste 12 månadene har delindeksen for elektrikararbeid gått opp med i overkant av 6 prosent.

Publiseringa av Byggjekostnadsindeks, bustader desember 1999 er utsett til veke 4

Dette er gjort for å få med lønnsstatistikk for 3. kvartal 1999 i utrekninga av byggjekostnadsindeksane for desember.


Materialkostnadene for elektrikarar auka med 1,6 prosent siste månad. Det skuldast i hovudsak at prisane på leidningar og kablar stig. Delindeksen for materialar til tømring og snekring auka med 0,4 prosent. For dei andre delindeksane er det berre små endringar.

Totalt auka byggjekostnadene for bustader med 0,2 prosent frå oktober til november. Frå november i 1998 til november i 1999 var auka på 1,9 prosent. Materialkostnadene har i same periode auka med 2,2 prosent. Det er liten skilnad i kostnadsutviklinga til dei forskjellige bustadtypane.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 1978 =100
    Endring i prosent
  November 1999 Oktober 1999-
november 1999
November 1998-
november 1999
Byggjekostnader, totalt 269,1 0,2 1,9
       
Materialkostnader, totalt 277,6 0,4 2,2
       
Einebustader av tre      
Total 266,8 0,2 1,9
Materialar 273,6 0,3 2,0
Elektrikararbeid      
Total 436,9 1,0 6,1
Materialar 532,4 1,6 6,2
       
Rekkjehus av tre      
Total 273,1 0,2 1,8
Materialar 283,6 0,4 2,2
Elektrikararbeid      
Total 438,6 1,0 6,1
Materialar 532,4 1,6 6,2
       
Bustadblokker      
Total 273,6 0,2 1,9
Materialar 286,7 0,4 2,4
Elektrikararbeid      
Total 430,6 0,8 6,0
Materialar 532,4 1,6 6,2
Frigitt 9. desember 1999 (C) Statistisk sentralbyrå