11959_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11959
Elektrikarar blir stadig dyrare
statistikk
2000-02-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjanuar 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Elektrikarar blir stadig dyrare

Medan byggjekostnadene totalt i januar 2000 er 2,7 gonger høgare enn i 1978, er kostnadene til elektrikararbeid i same periode meir enn femdobla. Frå januar i fjor til same månad i år er auka på 6,6 prosent.

Totalt steig byggjekostnadene frå januar 1999 til januar i år med 2,9 prosent. Frå desember i fjor til januar i år er auka på 0,2 totalt og 0,4 prosent for materialkostnadene. I same periode gjekk materialkostnadene til elektrikararbeid opp med 2,8 prosent. Ein må tilbake til januar 1998 for å finne større auke i materialkostnadene i løpet av ein månad. Dei siste 12 månadene er auka på 7,1 prosent. Dei andre delindeksane for materialar endra seg lite i førehald, mellom 0,1 og 0,5 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 1978 =100
  Endring i prosent
  Januar 2000 Desember 1999-
januar 2000
Januar 1999-
januar 2000
Byggjekostnader, totalt 272,4 0,2 2,9
       
Materialkostnader, totalt 279,3 0,4 2,5
       
Einebustader av tre      
Total 270,0 0,3 2,9
Materialer 275,4 0,5 2,5
Elektrikararbeid      
Total 444,6 1,7 6,6
Materialer 548,1 2,8 7,1
       
Rekkjehus av tre      
Total 276,4 0,2 2,8
Materialer 285,3 0,4 2,5
Elektrikararbeid      
Total 446,4 1,7 6,6
Materialer 548,1 2,8 7,1
       
Bustadblokker      
Total 276,9 0,2 2,9
Materialer 288,3 0,4 2,6
Elektrikararbeid      
Total 437,2 1,5 6,5
Materialer 548,1 2,8 7,1