11953_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11953
Auke i materialkostnadene
statistikk
2000-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderapril 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i materialkostnadene

Frå mars til april i år auka kostnadene til materialar med 0,4 prosent for bustadblokker. Mest stig kostnadene til grunnarbeid, med ein auke på 1,3 prosent på ein månad. For einebustader går kostnadene til materialar opp med 0,3 prosent.

Det er inga endring i kostnadene til materialar i grunnarbeid for einebustader frå mars til april. Skilnaden mellom einebustader og bustadblokker kjem av at prisane på betongpelar, stålpelar og stålspunt går mykje opp. Desse produkta er ikkje med i vektgrunnlaget for einebustader.

Elles er det jamt over ein stor auke i materialkostnadene frå mars til april. Frå april i fjor til april i år er det derimot andre kostnader, deriblant løn, som stig mest. I denne perioden auka kostnadene med 3,4 og 3,3 prosent for einebustader respektive bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Endring i prosent
      April 2000     Mars-april 2000     April 1999-april 2000
Bustader i alt1 100,9 0,2 3,4
Bustader i alt, materialar       101,1 0,2 3,0
       
Einebustader av tre      
I alt 100,9 0,2 3,4
Materialar 101,1 0,2 3,0
       
Bustadblokker      
I alt 100,9 0,1 3,3
Materialar 101,4 0,3 3,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustad av tre og bustadblokk.