Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 3,6 prosent
Frå juni i fjor til juni i år auka byggjekostnadene for bustader totalt med 3,6 prosent. Materialkostnadene steig med 3,4 prosent i same periode. Skilnadene mellom einebustader og bustadblokker var små. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar steig mest.
Under det siste året auka delindeksen for elektrikararbeid med 5,4 prosent for einebustader og 4,7 prosent for bustadblokker. Delindeksen for røyrleggjararbeid steig med respektive 6,3 og 6,0 prosent for einebustader og bustadblokker. Dette er vesentleg meir enn for dei andre delindeksane, som auka mellom 2 og 4 prosent.
Frå mai til juni i år gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 0,3 prosent. Også materialkostnadene auka med 0,3 prosent i denne perioden. Lønsstatistikk for 1. kvartal 2000 blei tatt inn i byggjekostnadsindeksen for juni. Kostnadene til måling, tapetsering og legging av golvbelegg steig mest frå mai til juni i år, med 0,4 prosent for einebustader og bustadblokker.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100 |
Juni 2000 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai-juni 2000 | Juni 1999-juni 2000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 101,3 | 0,3 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 101,7 | 0,3 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 101,3 | 0,3 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 101,7 | 0,3 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 101,2 | 0,2 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 101,9 | 0,2 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12