Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,5 prosent
Frå juni til juli i år steig byggjekostnadene for bustader totalt med 0,5 prosent. Auka priser på materialar til elektrikarinstallasjonar var den viktigaste årsaka til dei aukte byggjekostnadene.
Materialkostnadene til elektrikarinstallasjonar steig med 2,5 prosent for einebustader og 2,6 prosent for bustadblokker. Materialkostnadene til tømring og snikring steig nest mest med respektive 0,9 og 0,7 prosent for einebustader og bustadblokker.
Frå juli i fjor til juli i år auka byggjekostnadene for bustader totalt med 4,1 prosent. Materialkostnadene steig med 4,2 prosent i same periode. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar steig mest. Under det siste året auka delindeksen for elektrikararbeid med 6,4 prosent for einebustader og 5,7 prosent for bustadblokker. Delindeksen for røyrleggjararbeid steig med respektive 6,4 og 6,1 prosent for einebustader og bustadblokker. Dette er vesentleg meir enn for dei andre delindeksane som auka mellom 2 og 4 prosent.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100 |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2000 | Juni-juli 2000 | Juli 1999-juli 2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 101,8 | 0,5 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialer | 102,5 | 0,8 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 101,8 | 0,5 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialer | 102,5 | 0,8 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 101,6 | 0,4 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialer | 102,6 | 0,6 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12