11945_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11945
Byggjekostnadene opp 4,2 prosent
statistikk
2000-09-08T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderaugust 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 4,2 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig totalt med 4,2 prosent frå august i fjor til august i år. Materialkostnadene steig med 4,4 prosent i same periode. Skilnaden mellom einebustader og bustadblokker var små. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar steig mest.

I løpet av det siste året auka delindeksen for elektrikararbeid med 6,5 prosent for einebustader og 5,8 prosent for bustadblokker. Delindeksen for røyrleggjararbeid steig med respektive 6,4 og 6,1 prosent for einebustader og bustadblokker.

Frå juli til august i år gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 0,2 prosent. Materialkostnadene auka med 0,3 prosent i denne perioden. Kostnadene til elektrikararbeid steig mest frå juli til august i år, med respektive 0,5 og 0,4 prosent for einebustader og bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  August 2000 Endring i prosent
    Juli-august 2000   August 1999-august 2000
Bustader i alt1    102,0 0,2 4,2
Bustader i alt, materialer 102,8 0,3 4,4
       
Einebustader av tre 102,0 0,2 4,2
Einebustader av tre, materialer 102,8 0,3 4,4
       
Bustadblokker 101,8 0,1 3,8
Bustadblokker, materialer 102,9 0,3 4,2
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
Frigitt 8. september 2000 (C) Statistisk sentralbyrå