11943_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11943
Byggjekostnadene opp 4,8 prosent
statistikk
2000-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderseptember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 4,8 prosent

Frå september i fjor til september i år steig byggjekostnadene for bustader med 4,8 prosent. Materialkostnadene steig med 4,4 prosent i same periode. Kostnadene til røyrleggjarar og elektrikarar steig mest.

I det siste året auka delindeksen for røyrleggjararbeid med 8,3 prosent for einebustader og 7,9 prosent for bustadblokker. Delindeksen for elektrikararbeid steig med respektive 7,3 og 6,7 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei andre delindeksene auka mellom 3,8 og 5 prosent i same periode.

Lønsstatistikk for 2. kvartal 2000 blei tatt inn i byggjekostnadsindeksen for september og medverka til at byggjekostnadene for bustader auka med 1,2 prosent frå august til september i år. Materialkostnadene for bustader auka med 0,3 prosent i same periode. Kostnadene til røyrleggjararbeid steig mest frå august til september i år, med respektive 2,3 og 2,2 prosent for einebustader og bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  September 2000 Endring i prosent
  August-
september 2000
September 1999-
september 2000
Bustader i alt1 103,2 1,2 4,8
Bustader i alt, materialar       103,1 0,3 4,4
       
Einebustader av tre 103,2 1,2 4,8
Einebustader av tre, materialar             103,1 0,3 4,4
       
Bustadblokker 103,0 1,3 4,6
Bustadblokker, materialar 103,2 0,3 4,5
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.