11941_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11941
Byggjekostnadene opp 4,9 prosent
statistikk
2000-11-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderoktober 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 4,9 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 4,9 prosent frå oktober i fjor til oktober i år. Materialkostnadene steig med 4,3 prosent i same periode. Kostnadene til røyrleggjarar og elektrikarar auka mest.

Under det siste året auka delindeksen for røyrleggjararbeid med 8,4 prosent for einebustader og 8,0 prosent for bustadblokker. Delindeksen for elektrikararbeid steig med respektive 7,2 og 6,6 prosent for einebustader og bustadblokker.

Byggjekostnadene for bustader auka med 0,2 prosent frå september til oktober i år. Materialkostnadene for bustader auka med 0,1 prosent i same periode. Materialkostnadene til måling, tapetsering og legging av golvbelegg steig mest, med respektive 0,5 og 0,9 prosent for einebustader og bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
    Endring i prosent
  Oktober 2000 September-oktober 2000 Oktober 1999-oktober 2000
Bustader i alt1 103,4 0,2 4,9
Bustader i alt, materialar 103,2 0,1 4,3
       
Einebustader av tre 103,4 0,2 4,9
Einebustader av tre, materialar 103,2 0,1 4,3
       
Bustadblokker 103,3 0,3 4,8
Bustadblokker, materialar 103,5 0,3 4,4
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.