Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 4,7 prosent
Byggjekostnadene for bustader steig med 4,7 prosent frå november i fjor til november i år. Materialkostnadene steig med 4,2 prosent i same periode. Kostnadene til røyrleggjarar og elektrikarar steig mest.
I løpet av det siste året auka delindeksen for røyrleggjararbeid med 8,4 prosent for einebustader og 8,0 prosent for bustadblokker. Delindeksen for elektrikararbeid steig med respektive 6,9 og 6,4 prosent for einebustader og bustadblokker.
Byggjekostnadene for bustader auka med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Materialkostnadene for bustader auka med 0,3 prosent i same periode. Materialkostnadene til elektrikarar steig mest, med respektive 1,5 og 1,3 prosent for einebustader og bustadblokker.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100 |
November 2000 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober-november 2000 | November 1999-november 2000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 103,5 | 0,1 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 103,5 | 0,3 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 103,5 | 0,1 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 103,4 | 0,2 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 103,5 | 0,2 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 103,8 | 0,3 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12