Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene auka 1,1 prosent
Byggjekostnadene for bustader steig med 1,1 prosent frå desember 2000 til januar 2001. Materialkostnadene steig med 1,4 prosent i same periode. Kostnadene til elektrikarar auka mest.
Materialkostnadene for elektrikararbeid auka med 3,2 prosent for einebustader og 3,4 prosent for bustadblokker. Delindeksen for tømring og snikring steig med 1,8 prosent for begge bustadtypane.
For dei andre delindeksane er det auke på opp til 1,2 prosent.
5,4 prosent auke siste året
Byggjekostnadene for bustader steig med 5,4 prosent frå januar 2000 til januar 2001.
Materialkostnadene for bustader auka med 5,1 prosent i same periode. Delindeksen for elektrikararbeid steig mest, med 10,7 prosent for einebustader og 10,5 prosent for bustadblokker.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100 |
Januar 2001 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2000-
januar 2001 |
Januar 2000-
januar 2001 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 105,4 | 1,1 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 105,1 | 1,4 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 105,4 | 1,1 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 105,1 | 1,6 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 105,3 | 0,8 | 5,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 105,1 | 1,2 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12