11929_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11929
Små endringar i byggjekostnadene
statistikk
2001-05-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderapril 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene auka med 0,2 prosent i same periode. Det er berre små endringar på alle delindeksane denne månaden.

Det er materialkostnadene til stein-, jord- og sementarbeid for einebustader som har endra seg mest, med 0,3 prosent frå mars til april. Materialkostnadene for tømring og snikring steig med 0,2 prosent for begge bustadtypane.

5,3 prosent auke siste året

Byggjekostnadene for bustader steig med 5,3 prosent frå april i fjor til april i år.

Materialkostnadene for bustader auka med 5,0 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 7,1 prosent for einebustader og 7,0 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  April 2001 Endring i prosent
  Mars-april 2001 April 2000-april 2001
Bustader i alt1 106,2 0,1 5,3
Bustader i alt, materialar 106,3 0,2 5,0
       
Einebustader av tre 106,2 0,1 5,3
Einebustader av tre, materialar 106,2 0,1 5,0
       
Bustadblokker 106,2 0,2 5,3
Bustadblokker, materialar 106,4 0,3 4,9
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og
bustadblokker.